Planlagd utbygging av verftet på Larsnes:

Utviding gir mindre støy

Selskapet Sinus konkluderer med at endringane i planen til Larsnes Mek. Verksted vil redusere støyen frå verftet.

Larsnes Mek.: Utvidinga som nyeplanen opnar for, flyttar samstundes både aktivitet og båtar lenger sør og vest på verftsområdet. Lenger vekk frå busetnaden på andre sida av vika. Illustrasjon frå framlegget til reguleringsendring. 

Nyhende

– Berekningane syner at utvidinga av kaianlegget vil gje redusert støynivå for dei fleste kringliggande bustadane, sjølv med eit noko auka aktivitetsomfang, heiter det i konklusjonen frå selskapet.