Opphøyr av lokal karantene

Dei lokale vedtaka om avgrensing av innreise til Sande og Herøy er opphøyrde

  Foto: CDC, Alissa Eckert

Nyhende

Frå 28. mars er det dei nasjonale reglane om karantene som gjeld.

- Dette gjer vi mellom anna fordi vi no har fleire tilfelle av Covid-19 i kommunane på Søre Sunnmøre. Det viktige no er å avgrense smitteutbreiinga lokalt, og å halde fast på og presisere dei hygiene- og reiseråd som helsemyndigheitene gir.

Det skriv Herøy kommune på sine heimesider laurdag føremiddag.

Reiseråd for smittevern i Herøy

Smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen presiserer:

  • Ved innreise frå utland gjeld nasjonale reglar om karantene i 14 dagar etter innreise
  • Fritidsreiser bør avgrensast til eit minimum, dette gjeld mellom anna reiser i samband med påskeferie
    • Hugs at du kan ta med deg smitte
    • Hugs at du kan verte smitta under reise
    • Hugs at du kan smitte dei du besøkjer
  • Arbeidsreiser og reiser for å utføre samfunnskritiske funksjonar kan gjennomførast, men det gjeld same hygieneråd ved slike reiser som elles
  • Personar som er i karantene som følgje av dei lokale karantenereglane for perioden 20. -27.03.20, kan avslutte karantenen. Hugs likevel på dei hygiene- og reiseråd som gjeld uansett.

AMBU er framleis innstilt for ordinær passasjertrafikk.

I samband med fare for spredning av Covid-19 har kommunedirektøren i Sande fatta følgjande vedtak:

Samfunnsbåten AMBU skal innstille ordinær rutetransport med verknad fram til og med fredag 3. april.

Vedtaket er gjort etter lov om vern mot smittsame sjukdomar §4-1 .