Magnar skomakar

Frå mine gutedagar hugsar eg at skomakar Magnar Stensønes var god å ty til når lêret hadde rivna på fotballen vår.

SKOMAKAREN: Magnar Stensønes var ein dyktig skomakar og ein triveleg kar. Verkstaden hans var noko meir enn berre ein arbeidsplass. Lokalet vart etter kvart også ein uformell møteplass for folk i alle aldrar.  Foto: Harald Thorseth

Magnar vart ein reddande engel. Han fiksa alltid lêret på fotballen vår når vi bad han om det, og han ville aldri ha betaling for jobben.

Nyhende

Laget vårt, Sprint Skarabakken, hadde berre éin fotball. Derfor var det nærast ein katastrofe om han vart øydelagd.