Koronatiltak for over 315 milliardar kroner

Tiltaka som regjeringa så langt har sett i verk, motverkar inntektsbortfall hos bedrifter og privatpersonar til ein verdi av 315 milliardar kroner.

Finansminister Jan Tore Sanner (H) på pressekonferanse om kompensasjonsordning til bedrifter.  Foto: Ole Berg-Rusten/ NTB scanpix

Nyhende

Det opplyste finansminister Jan Tore Sanner (H) på ein pressekonferanse fredag. I tillegg kjem tiltaka regjeringa la fram fredag morgon som vil utgjere mellom 10 og 20 milliardar kroner kvar månad, påpeika han.

– Tiltaka skal vere målretta, effektive og mellombelse, understrekar Sanner.

Det oljekorrigerte budsjettunderskotet blir anslått å auke med 135,8 milliardar kroner i 2020, ifølgje proposisjonen regjeringa la fram fredag.

Sanner opplyste at bankane no har utbetalt dei første låna som er gitt med lånegarantien til regjeringa, som vart foreslått for ei veke sidan.

– No jobbar vi for å utvide den ordninga, så ho kan gjelde større bedrifter, seier Sanner.

(©NPK)