Koronapasient i Herøy på sjukehus - Koronasmitta nummer tre i Sande

To personar har i skrivande stund blitt påvist smitta av Covid-19 i Herøy. No er ein av dei to pasiantene innlagd på sjukehus.

Tre på få dagar: Sidan tysdag er tre personar stadfesta med koronasmitte i Sande. To av dei var i same reisefylgje til utlandet. 

Nyhende

Herøy kommune skriv på sine heimesider at det i løpet av torsdag 26.03.20 vart teke 19 nye testar hos legesentera i Herøy. Til saman er det teke 120 testar totalt.

- Vi har to positive prøver av personar busette i Herøy kommune per 26.03.20. Ein person er innlagd på sjukehus. Alle nødvendige tiltak er sett i verk, heiter det.

Den første personen som testa positivt på koronaviruset fekk vi melding om 24.03.20. Den andre personen 26.03.20.

Kommunen gjer framleis merksam på at det kan vere mørketal, då ikkje alle vert testa etter endringane i dei nasjonale testkriteria.

To i Sande vart smitta saman på ei utanlandsreise

Fredag morgon kunne Sande kommune informere om at endå ein person er stadfesta smitta av koronaviruset,

Den andre personar i reisefølgjet frå utlandet testa positivt. Den første personen fekk ein stadfesta med positiv prøve tidlegare i veka.

I tillegg har Sande ein innbyggjar som har blitt smitta innanlands.

- Totalt er 70 personar testa. Det går normalt nokre dagar frå prøva blir sendt inn til svaret ligg føre. Vi ventar svar på fem prøver, heiter det frå kommunen.


Første tilfellet av koronasmitte i Sande

Tysdag morgon vart det klart at også Sande kommune har fått eit tilfelle av koronasmitte.



Endå ein person smitta i Sande

Torsdag morgon vart det klart at Sande kommune har fått sitt andre smittetilfelle.



Korona-smitta nummer to også i Herøy

Torsdag i tolvtida kunngjorde Herøy kommune at dei har fått sitt andre stadfesta korona-tilfelle.