Koronapasient i Herøy innlagt på sjukehus

To personar har i skrivande stund blitt påvist smitta av Covid-19 i Herøy. No er ein av dei to pasiantene innlagd på sjukehus.
Nyhende

Herøy kommune skriv på sine heimesider at det i løpet av torsdag 26.03.20 vart teke 19 nye testar hos legesentera i Herøy. Til saman er det teke 120 testar totalt.

- Vi har to positive prøver av personar busette i Herøy kommune per 26.03.20. Ein person er innlagd på sjukehus. Alle nødvendige tiltak er sett i verk, heiter det.

Den første personen som testa positivt på koronaviruset fekk vi melding om 24.03.20. Den andre personen 26.03.20.

Kommunen gjer framleis merksam på at det kan vere mørketal, då ikkje alle vert testa etter endringane i dei nasjonale testkriteria.