Eigentreningar for LGFK

Anders Helsem Hoff vel å vere optimist i den utfordrande tida.

ANDERS HELSEM HOFF: - Eg vel å vere optimist, seier LGFK-trenaren.  Foto: Arkiv

Nyhende

I likskap med alle andre idrettslag, måtte også Larsnes/Gursken stoppe all aktivitet torsdag 12. mars. Vi har derfor forhøyrt oss med A-lagstrenar Anders H. Hoff om korleis dei held seg til den uvanlege situasjonen.

– Sånn som det er no, så får vi ikkje trene før 1. mai. Eg vel å vere optimist og trur vi kan starte opp igjen då, seier Hoff, og legg til at spelarane sjølvsagt har fått eit eigentreningsprogram å forhalde seg til.

Hoff meiner uansett at 4. div. avd. Sunnmøre skal kome seg greitt gjennom situasjonen.

– Eg trur det går fint å spele til november, og køyrer ein to kampar i veka enkelte veker, så løyser dette seg. Men klart, kjem ein ikkje i gang før uti juni, så blir det ein heftig haust!