Skrinlegg Nordic Resort i Torvika: – Såg ikkje annan utveg

Det er med tungt hjarte at Nordic Resort no vel å legge planane om eit resortanlegg i Torvika dødt. – Det er leit for både oss og Herøy, seier Rein Sindre Torvik på vegner av Nordic Resort.

– Vemodig: Rein Sindre Torvik har praktisk talt vakse opp med dei ambisiøse resortplanane i Torvika. Han og familien ser dette som eit tungt nederlag, seier han til Vestlandsnytt. Foto: Bjørnar T. Sævik 

Nyhende

I eit brev til kommunen onsdag gjorde Nordic Resort, ved Nils Chr. Gevelt, det klart at dei no kastar korta og skrinlegg planane sine om eit stort resortanlegg i Torvika.