Korona-smitta nummer to også i Herøy

Torsdag i tolvtida kunngjorde Herøy kommune at dei har fått sitt andre stadfesta korona-tilfelle.

Korona: Herøy kommune melde torsdag om sitt andre stadfesta tilfelle av ein korona-smitta innbyggjar. 

Nyhende

- Ein person til har testa positivt på koronaviruset i dag, 26. mars. Alle nødvendige tiltak er sett i verk, heiter det frå kommunen.

Dermed har Herøy - tilliks med nabo Sande - to stadfesta koronapasientar.

Til saman 103 personar er testa hos legesentera i Herøy.

- Vi gjer framleis merksam på at det kan vere mørketal, då ikkje alle vert testa etter endringane i dei nasjonale testkriteria, heiter det frå kommunen.