Lurer du på om du kan kome heim til Herøy og Sande i påska?

- Ja, men vi må ta omsyn

Vestlandsnytt har fått spørsmål frå folk som lurer på om det er greitt å kome heim til påske for familiemedlem som bur lengre heimanfrå. Dette svarer smittevernoverlegen i Herøy og ordføraren i Sande.

Olav Myklebust: - Det er viktig at dei då tek omsyn til ikkje berre seg sjølve og eigne behov, men også til at dei ikkje utset dei som dei skal besøkje for ekstra smittefare.  Foto: Arkiv/Endre Vorren

Nyhende

Smittevernoverlege i Herøy, Bjørn Martin Aasen og ordførar i Sande Olav Myklebust seier begge kommunar vil ta standpunkt til om dei lokale karantenereglane vert vidareført no på fredag. Begge kommunar arbeidar no med ei vurdering for grunnlaget av det. Om dei vert vidareført så fører det til at alle som kjem til Herøy og Sande frå bestemte geografiske område må vere i karantene i 14 dagar, opplyser dei to.