Ingen grunn til å slakke på taumane

- Då risikerer ein berre at koronasmitta kjem fullstendig ut av kontroll, med svært rask spreiing, skriv ansvarleg redaktør Endre Vorren.
Nyhende

Denne veka kom statsministeren med ei oppdatering på stoda i kampen mot korona-viruset. Restriksjonane som er innførte vert vidareførte. Skular og barnehagar er framleis stengde, i alle fall til over påske. Det er framleis forbod mot arrangement og samlingar av folk. Det er heller ikkje lov å overnatte på hytta.

Bestemmingane er fatta etter råd frå helsefagleg hald. Det er ingen politisk usemje om at det er best å fylgje desse råda. Det har allereie kome teikn på at «halde avstand-politikken» som no er innført i Norge, har teke til å gje resultat. Men vakuumet frå prøvetaking til prøvesvar gjer at det er litt treigheit i statistikken. Vonleg vil ein ny pressekonferanse frå statsministeren like før påske gje nokre oppmuntringar.

Det er sjølvsagt ingen grunn til å slakke på taumane. Då risikerer ein berre at koronasmitta kjem fullstendig ut av kontroll, med svært rask spreiing. Det er sjølvsagt ingen tent med.

A/S Norge og næringslivet taper så det syng på koronaen. Det vil verte fleire konkursar i tida som kjem. Bedrifter blør og vil bruke lang tid på å kome seg skikkeleg på beina igjen. I ein slik situasjon er det viktig med oppfinnsamheit. Nokon meiner folk bør kjøpe gåvekort i forretningar. Så kan ein bruke pengane på kortet når situasjonen er stabil igjen. Ein av mange gode idéar.

Men den lokale industrien kan ikkje basere seg på gåvekort. Det er fullt ut forståeleg at til dømes store skipsverft føler det er grovt urettferdig at dei brått må konkurrere mot verft i andre kommunar og landsdelar som ikkje har eit slikt karantene-regime som det Fylkesmannen i Møre og Romsdal tilrår. Gjennom kloke avgjerder bør lokale mynde, som har eit enormt ansvar i denne situasjonen, legge til rette for at store motorar i næringslivet kan halde hjula i gang.