Norwegian Greentech på flyttefot:

Full klaff etter lang ventetid

Heile verda opna seg for herøybedrifta då kravet om rensing av ballastvatn blei obligatorisk også for den eksisterande tonnasjen.

Produksjon: Norwegian Greentech sine ballastrensesystem blir produserte mellom anna her i bygget til RS Systems på Mjølstaneset  Foto: Siv-Elin Nærø

Nyhende

– Ventetida blei nok litt lengre enn vi trudde, men så blei også suget i marknaden tilsvarande sterkare då det endeleg tok av, seier dagleg leiar Håvard Gjelseth i Norwegian Greentech i Fosnavåg.