Endå ein person smitta i Sande

Torsdag morgon vart det klart at Sande kommune har fått sitt andre smittetilfelle.

To smitta no: Tysdag morgon kom det første smittetilfellet i Sande. Torsdag vart nummer to gjort kjent.  Foto: VN

Nyhende

- Det er her snakk om eit par som har kome heim frå utlandet, og vi ventar svar på prøva til den andre. Familien har vore i karantene sidan heimkomsten, og det er slik ikkje fare for smittespreiing.

Slik heiter det frå kommunen etter at Sande har fått stadfesta det andre smittetilfellet.


Første tilfellet av koronasmitte i Sande

Tysdag morgon vart det klart at også Sande kommune har fått eit tilfelle av koronasmitte.


Sande kommune legg til at 65 personar testa.

- Det går normalt nokre dagar frå prøva blir sendt inn til svaret ligg føre. Vi ventar svar på sju prøver, opplyser kommunen.