Sparebanken Møre:

Vil gje pengar til lag som hjelper til i koronakrisa, eller som sjølve har avlyst arrangement

Sparebanken Møre varslar no at dei tek grep for å kome nokre korona-relaterte utfordringar i møte.

OPNAR FOR "KORONA-STØTTE": Kjell Ove Vasstrand (t.v.) og Per Ronald Knutsen i Sparebanken Møre innfører korona-relaterte støtteordningar til lokale lag og organisasjonar.  Foto: Arkiv / Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

- Det er tøffe tak for tida, også for frivillige lag og organisasjonar i regionen vår. Det aller meste av aktivitetar er lagt på is, store og små arrangement er avlyst, og situasjonen kan verke uoversiktleg for mange, seier banksjefane Per Ronald Knutsen i Sparebanken Møre, Fosnavåg og Kjell Ove Vasstrand på Larsnes.

Støtte til hjelpetiltak

- Det er heldigvis slik at når ting blir vanskeleg, så er folk raske til å snu seg og sjå kva ein sjølv kan bidra med. Det er mange lag organisasjonar som no står på ekstra for å hjelpe dei som har blitt spesielt utsette. Desse organisasjonane kan søke oss om støtte til å få dekt kostnader dei har med dette arbeidet. Søknadane vil bli handsama fortløpande, fortel Per Ronald Knutsen.

Sparebanken Møre varslar dessutan at ein vil støtte lag og organisasjonar som har måtte avlyst større arrangement.

- Når en må avlyse arrangement på kort varsel, so har det ein trippel effekt. Ein ting er det positive bidraget arrangementet i seg sjølv skulle skape, ein annan ting er bortfall av inntekter. Men sjølv om arrangementet ikkje vart noko av, so kan det hende ein har hatt kostnader ein ikkje får dekt likevel.

Gir meir, krever ikkje tilbake

- Vi vil difor gje frivillige lag og organisasjonar høve til å søke oss om støtte til å dekke heile eller deler av desse kostnadane. Det er synd om det som skjer no skal få negative konsekvensar også for framtidig aktivitet. Og vi kjem sjølvsagt heller ikkje til å krevje tilbake støtte som vi alt har gitt til arrangement som no vert avlyst, seier Kjell Ove Vasstrand.

Desse midlane kan brukast til å dekke kostnader knytt til det planlagte arrangementet, eller dei kan overførast til neste arrangement.

Generelt oppmodar banksjefane folk og lag om å ta kontakt, om dei har spørsmål knytt til den heilt spesielle situasjonen vi no er inne i.