Vanylven har ikkje lenger karantene for tilreisande frå Noreg

Vanylven kommune har valt å ikkje vidareføre det sju dagar lange vedtaket om karantene for tilreisande frå andre delar av Norge.

Kjærkome: Avdelingsleiar på Vanylven helse- og omsorgssenter, avd. 3, Rose-Mari Thunem Nygård, merka at det å ikkje få besøk av sine nærmaste har vore tungt for bebuarane. Men i dag kom det på plass eitt nettbrett på kvar avdeling på omsorgssenteret - alle sett opp med ein skype-konto slik at bebuarane og pårørande kan halde kontakt. Allereie første timane var det fleire som fekk kobla seg på og det ser ut som om det var svært kjærkome!  Foto: Vanylven kommune

Nyhende

Det kjem fram av ei melding frå Vanylven kommune onsdag 25. mars.

Situasjonen per dato på Ytre Søre Sunnmøre er dermed at Herøy, Sande og Hareid har lokale særvedtak om karantene for tilreisande frå andre og geografisk fastsette delar av landet.

På den andre sida har Ulstein og Vanylven ikkje noko slikt vedtak.


- Karantenereglar til å undre seg over

For Myklebust Verft byr det på utfordringar at Sande har strengare karantenereglar enn til dømes Herøy og Ulstein.



Sande innfører karantene for tilreisande frå Norge

Sande kommune innfører dei same karantenereglane som Ålesund, Sula og Giske.



Fylkesmannen ber alle kommunane om å innføre "norsk karantene"

Fylkesmann Rigmor Brøste ber alle kommunane i Møre og Romsdal om å innføre like karantenereglar.



Herøy fylgjer opp og endrar karantenereglane

I tråd med Fylkesmannen si tilråding fredag, har smittevernoverlegen i Herøy no innført lokalt og innskjerpa karantenevedtak.



Gjer karantenepresisering om mannskapsskifte i Herøy

Strenge karantenereglar har skapt vanskar for reiarlag som treng å skifte mannskap på sine båtar. I Herøy har smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen no kome med ei presisering for mannskapsskifte i Herøy.


- 15. mars vedtok Vanylven kommune karantene for dei som kom frå visse fylke i landet, der det var påvist smitte i større grad enn i vårt geografiske område. Slike lokalt fatta vedtak er gyldige i 7 dagar, det er difor ikkje no vedtak om karantene for tilreisande til Vanylven kommune, utover det som er vedteke nasjonalt, heiter det frå Vanylven kommune.

- Karantenereglar til å undre seg over

Dei andre retningslinjene frå statleg hald vert oppretthaldne frå Vanylven kommune. Det inneber mellom anna om å halde avstand, ikkje ha noko samlingar eller arrangement, ha barnehagar og skular stengde, samt det siste som no er bestemt om å avlyse eksamenar i vidaregåande skular.

- I tråd med nasjonale føringar vil kommunen understreke at alle bør unngå reiser som ikkje er naudsynte. Dette kan vere vanskeleg å forhalde seg til når vi no nærmar oss påskeveka. Vanylven kommune oppmodar alle om å vurdere om reiser, som t.d. besøk av familie i andre delar av landet, kan utsetjast til smittefaren er redusert. All reise på tvers av kommune- og fylkesgrenser vil medføre fare for å spreie smitte, og ein bør vurdere om slike reiser er naudsynte, heiter det i ei oppmoding frå kommunen.

Nettbrett til pasientar

Vanylven helse- og omsorgssenter er stengt for besøk. Men no har senteret fått på plass nettbrett til alle pasientar og bebuarar, med eigen Skype-konto, slik at dei kan sjå sine næraste medan dei snakkar med dei. Det har på kort tid synt seg å vere eit populært tiltak.