Set ned renta raskare

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har sett ned rentene totalt med inntil 0,85 prosentpoeng. Rentene blir gjeldane frå 5. april og ikkje 30. april som først varsla.

Stig Brautaset: Banksjefen i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Det skriv banken i ei pressemelding.

– Vi har dei siste dagane overvaka marknaden og sett korleis ting har utvikla seg i negativ retning. Stadig fleire blir permitterte og mange er urolege for økonomien sin. Vi har også i løpet av dei siste par dagane fått mange førespurnadar frå fortvila kundar. Dette tek vi på alvor, seier administrerande direktør Stig Brautaset, og held fram:

-Som lokal og ansvarleg bank ønsker vi å bidra i denne alvorlege situasjonen, og framskyndar difor dei nye satsane på våre utlån. Samstundes sikrar vi dei gode innskotsvilkåra i to månadar.