Ragnar - eit omflakkande liv med ein DBS-sykkel frå 1961 som raud tråd

– Eigentleg ynskte eg meg ein med gir. Nokre år etter at mor gav meg sykkelen, skifta eg til eit bakhjul med gir-nav. Elles er sykkelen stort sett som då eg som niåring fekk han i 1961.

Kjenneteikn nummer 1: Sykkelen er på mange vis Ragnar sin raude tråd gjennom livet. Han fekk sykkelen av mor si då han var ni år. Tohjulingen, hans faste haldepunkt og link tilbake til åleinemora som døydde då han var 14 år, er framleis med denne karen.  Foto: Foto: Endre Vorren

Nyhende

Nyleg avdøde Jahn Teigen sine ord «mil etter mil» passar godt når vi skal omtale Ragnar med sykkelen. Det er nemleg enorme avstandar han har trakka seg gjennom, i dei snart 60 åra han og sykkelen har vore i lag.