Heilt ny Vestlandsnytt-app

No er det mogleg å laste ned vår heilt nye Vestlandsnytt-app. Den gjer det endå enklare å halde seg oppdatert på dei siste, lokale nyheitene i Herøy, Sande og på Ytre Søre.

Illustrasjon Den nye appen kan lastast ned gratis i både App Store og i Google Play.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Vi håpar våre lesarar tek i bruk appen. Dette vil gjere det enklare for oss å nå lesarane, til dømes om noko viktig skjer, og det vil vere lettare for lesarane å halde seg orienterte, seier redaktør og dagleg leiar Endre Vorren i Vestlandsnytt.

Appen er gratis og kan lastast ned via App Store (iPhone og iPad) og Google Play (Android og andre nettbrett). I appen får alle tilgang til våre opne nyheitsoppdateringar, og er du Vestlandsnytt-abonnent har du også tilgang til alle pluss-sakene. Er du allereie abonnent på papiravisa og/eller har digitalabonnent? Du betalar ikkje noko ekstra for dette. Appen er berre ei meir oversiktleg og mobilvenleg plattform der ein får tilgang til alt nyheitsstoffet vi produserer.

Inne i appen får du moglegheit til å logge deg på med din Schibsted-konto. Det må du gjere om du skal få tilgang til pluss-artiklane. Vi minner om at alle våre papir-abonnentar har dette inkludert i sitt abonnement. Har du ikkje ordna deg tilgang enno, er det berre å ta kontakt med oss på telefon eller mail. Det er fort gjort!

Slik kan ein nyheitsvarsel sjå ut 

Du kan få varslingar

Ein av dei viktige funksjonane til den nye appen er at den tilbyr nyheitsvarsel. Dei som har appen vil derfor kunne aktivere ein funksjon som gjer at ein får melding kvar gong det skjer viktige hendingar i lokalsamfunnet. Vi anbefaler at alle våre lesarar aktiverer denne funksjonen. Korleis får ein til dette, spør du? Etter å ha lasta ned appen og opna den finn du, i nedre høgre hjørnet, eit symbol av eit tannhjul der det står innstillingar. Ved å klikke på det vil du finne ein knapp der ein kan aktivere nyheitsvarsel. Har du iPhone, kan du også under innstillingane (på telefonen) bestemme korleis varsla vert vist på skjermen.


(1) Knapp for instillingar. (2) Her finn du bokmerka dine. (3) Trykk på denne knappen for å kome tilbake til forsiden. (4) På denne menylinja finn du alle våre seksjonar, inkludert skipstrafikken og e-avisa. (5) Er du ikkje logga inn kan du gjere det under denne menyen.  

Bokmerke – eit personleg arkiv

Ein annan funksjon som ein har i appen, er moglegheita til å opprette bokmerke. Det gjer ein ved å klikke på plussteiknet i nedre, høgre hjørne når ein les artiklar. Her får ein valet mellom å dele artikkelen med andre via sosiale media eller opprette bokmerke. Saker du har «bokmerka» vil så legge seg under bokmerke-menyen nedst på skjermen. Dette blir på mange måtar eit personleg arkiv der ein kan lagre saker som ein vil sjå tilbake på ved eit seinare høve.

Du kan dele eller lagre artikklar ved å klikke på plussteikne i høgre hjørne.  

Bokmerkefunskjonen kan fungere som eit personleg arkiv. 

Liknar på nettsida

Elles er dei fleste funksjonane identisk i appen som det er på nettsida vår. Det vil seie at ein finn både skipstrafikken og e-avisa også i appen. Desse funksjonane finn du på menylinja øvst oppe. I E-avisarkivet kan folk lese siste papirutgåve digitalt, allereie kvelden før ho kjem i posten. Ein kan også søke i avisarkivet etter artiklar og reportasjar heilt tilbake til 2007.

PS: Om du vil kome deg tilbake til start er det berre å klikke på framsidesymbolet nedst til venstre i appen. Elles er det berre å ta kontakt om der skulle vere spørsmål om appen.