Unikt nytt tilbod på Meny i Fosnavåg: Ferskvarer rett frå havet

Andre plassar i landet kan dei kalle fisken fersk om han så er dagar gammal. På Meny i Fosnavåg pratar dei om timar.

fiskekjøpar: Jon Robert Moen er ein av nokre få kjøpmenn i landet som har løyve til å kjøpe fisk direkte frå båt. Bård Kopperstad fyller på med torsk som berre eit time tidlegare kom sprell levande opp frå havet. 

Nyhende

Det er fredag ettermiddag i Fosnavåg. I fiskedisken på Meny har det begynt å minke på godsakene, og Jon Robert Moen er spent på om han får tak i noko å fylle på med til helga. Ein augneblink seinare kan han roe seg og sette ut plakaten med oppslag om fersk fisk.