Gjer karantenepresisering om mannskapsskifte i Herøy

Strenge karantenereglar har skapt vanskar for reiarlag som treng å skifte mannskap på sine båtar. I Herøy har smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen no kome med ei presisering for mannskapsskifte i Herøy.

Illustrasjon  Foto: Herøy kommune

Nyhende

Lokale karantenevedtak i Herøy gjer at personar som kjem frå fastsett geografisk område til Herøy, skal settast i 14 dagars karantene frå det tidspunkt dei kjem til kommunen. Dette har skapt problem for reiarlag som må skifte mannskap om bord i sine båtar. No har derimot smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen i Herøy gjort ei presisering av praktiseringa av vedtaket:

"I samband med mannskapsskifte utført i fylke som kjem under karantenebestemmingar, slår ikkje karantenebestemmingane inn når følgjande vilkår er innfridde:

  1. Dei siste 14 dagar før mannskapsskifte har det ikkje vore andre personar om bord, dvs. mannskapet har vore «isolert» om bord i 14 dagar før mannskapsskifte.
  2. Ingen av mannskapet har symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon.
  3. Transport frå kai til flyplass vert utført slik at mannskapet ikkje har kontakt med andre personar utover det som er absolutt nødvendig for transport og innsjekking. Transport skal gjennomførast med særskild, eige transportmiddel, ikkje offentleg transport.
  4. Dersom det er transport med bil frå hamn til heimstad, skal transport gjennomførast med særskild, eige transportmiddel, ikkje offentleg transport. Eigen bil kan nyttast.
  5. Mannskapet gjennomfører nøyaktig vanlege hygienerutinar som handvask, hostehygiene osv. under reise.
  6. Rederi er ansvarleg for at vilkåra er oppfylte og at rutinane vert følgde."

Det skriv Herøy kommune på sine heimesider.