Første tilfellet av koronasmitte i Sande

Tysdag morgon vart det klart at også Sande kommune har fått eit tilfelle av koronasmitte.

Første smittetilfellet: Tysdag morgon stadfestar kommunelege Asta Sileikene at no er også Sande mellom dei kommunane som har koronasmitta.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Medan dei fleste andre sunnmørskommunane har fått rapportert inn tilfelle av koronasmitte siste veka, har Herøy og Sande vore utan slikt.

- Det er i dag registrert eit tilfelle av korona her i Sande. Vi har denne situasjonen under kontroll, seier kommuneoverlege Asta Sileikiene.

Av omsyn til personvernet kan ho ikkje seie så mykje meir om denne saka. Men ho opplyser at personen som er stadfesta smitta, har vore i karantene. Dermed skal ikkje vedkomande i teorien ha utsett andre for smitte.

Familien er isolert

Leiar i Sande kommune sin krisestab, Olav Myklebust, seier fylgjande om saka:

- Det dreier seg ikkje om ein kommunetilsett. Det er ein person som siste tida har vore i heimekarantene saman med familien. Vedkomande vart testa 18. mars. No er familien i isolasjon.

Myklebust seier vedkomande har blitt smitta i Norge. Kommunen meiner også å ha kontroll over kven som har vore i kontakt med pasienten.


Koronasmitte rundt hjørnet:

- Det som trengst no, er ein stor fellesdugnad

Kommuneoverlegen i Sande appellerer til sunn fornuft og solidaritet for å hindre at koronasmitte utbreier seg for raskt.



Kriseleiinga i Sande kommune samla måndag:

– Førebur «worst case»

Krisegruppa i Sande var måndag føremiddag samla til nytt koronamøte. Ein tek høgde for eit «i verste fall-scenario».