Kleven Verft har teke over og signert PSV-kontrakt

Kleven Verft skulle opphavleg utruste og ferdigstille eit plattform supplyskip (PSV) i samarbeid med Havyard. No har Kleven inngått kontrakt direkte med den kanadiske reiaren Atlantic Towing Ltd.

Kleven Verft skal utruste og levere Havyard 833 WE plattform supplyskip til kanadiske Atlantic Towing Ltd.   Foto: Illustrasjon: Havyard

Nyhende

- Vi har tatt over kontrakten og signert direkte med reiar for å avlaste Havyard. Vi kjem likevel til å samarbeide tett med Havyard, fordi dei har fleire leveransar til prosjektet. Skipet passar veldig bra inn i porteføljen til Kleven, og dette er ei veldig god nyheit for verftet, seier administrerande direktør i Kleven, Kjetil Bollestad i ei pressemelding.

Arbeidet med PSV-en kan starte for fullt
Kontrakten blir Kleven sin fyrste innan offshoresegmentet sidan AHTS-serien for Maersk i oktober 2014, og det fyrste byggjelånet sidan kontraktane med Hurtigruten i juni 2016. Dette viser at samarbeidet med Kleven sin nye eigar allereie ber frukter.

-Både byggjelån og kontrakt er på plass, og det betyr at arbeidet med PSV’en no kan starte for fullt. Kontrakten sikrar at vi held vår dyktige arbeidsstokk med arbeid framover, noko som betyr enormt mykje for oss, seier Bollestad.

-Dette er vår fyrste kontrakt etter at vi fekk ny verftseigar, og vi på Kleven gler oss til å vise at vi framleis er blant verdas beste verft også når det gjeld bygging av offshorefartøy.

Drifta held fram under koronapandemien
Det er ei ekstremt krevjande og usikker tid for alle på grunn av koronapandemien, men per i dag held drifta ved verftet fram. Kleven er opptekne av å sikre tryggast mogeleg arbeidsforhold for alle, og følger alle råd og retningslinjer frå nasjonale og lokale myndigheiter for å handtere koronasituasjonen, i tillegg til eigne tiltak tilpassa verftet. På den måten vil produksjonen på Kleven gå så forsvarleg for seg som mogeleg framover.

Isklasse og batteripakke
Skipet har eit Havyard 833 design levert av Havyard Design & Solutions. Norwegian Electric Systems leverer energisystem, inkludert batteriløysingar og kontrollsystem. PSV’en som Kleven skal bygge er energieffektiv og har stor lastekapasitet. Den har 1000 kvadratmeter arbeidsdekk og innreiing for 50 personar. PSV’en vil mellom anna få isklasse ICE-1B for operasjon i kalde farvatn, og ein 650 kW batteripakke vil sørge for lavt dieselforbruk. Skipet skal bli levert til Atlantic Towing Ltd, som er eit dotterselskap av kanadiske JD Irwing Ltd. Overlevering til kunden er planlagt i løpet av hausten 2020.