Dramatisk nedgang på Ytre Søre - Realistisk bonde på Rosskar:

– Landbruk på øyane er snart historie

Ved inngangen til tusenårsskiftet var det 17 mjølkebønder i Herøy. No er det berre seks igjen.

Inga framtid: Med 22 dyr på bås, av desse ti mjølkekyr, har Jon Arne Rødskar ei driftsform han sjølv meiner ikkje er noko for framtida. Fjøsen kan greie seg i mange år enda, men ikkje lenger enn til at lausdrift blir eit ufråvikeleg krav. 

Nyhende

Ein av desse er Jon Arne Rødskar. Han klamrar seg framleis fast med gardsdrift på Rosskar på Gurskøya, men er usikker på kor lenge han kjem til å halde fram med ei drift som blir stadig dårlegare tilpassa samfunnet sine krav.