Tåler støy, men vil ikkje misse utsikta

Næraste nabo til motocrossbana på Kopperstad har ikkje noko imot at bana får godkjenning.

Kopperstad: Her vil ein etablere motocrossbane.  

Nyhende

Annfrid Lødemel, som er eigar av fritidsbustaden aust for bana, ønskjer bana velkomen og har ikkje noko imot at det tidvis kan kome noko støy frå området. Det ho derimot ikkje ønskjer, er at det skal byggast ein støyvoll som vil skjerme for utsikta hennar mot vest og havet.