Sauehaldet i Herøy og Sande:

Meir enn dobla på ti år

Trass i overproduksjon av sauekjøt har talet på sauebønder hatt ein kraftig oppgang både i Herøy og Sande dei siste åra. I Sande er det snakk om nesten ei tredobling i sauetalet på ti år.

Sauekommunar: Slike flokkar med utegangarsau er langt meir vanleg i Herøy og Sande enn i nabokommunane. 

Nyhende

– Det er mange bønder som har gått over frå storfe til sau, og særleg mange har satsa på utegangartypen, seier avdelingsleiar Anne Kathrine Løberg ved landbrukskontoret for Herøy, Ulstein og Hareid.