Herøy fylgjer opp og endrar karantenereglane

I tråd med Fylkesmannen si tilråding fredag, har smittevernoverlegen i Herøy no innført lokalt og innskjerpa karantenevedtak.

"Innanlandskarantene": Herøy kommune innfører, som venta etter fredagens formaning frå Fylkesmannen, nye innanlandske karantenereglar. 

Nyhende

Vedtaket lyder slik:

  1. I medhald av smittevernlova §4-1 bokstav d vert det for tidsromet 20.03.- 27.03.20 innført følgjande karantenereglar for tilreisande til Herøy kommune:
    1. Heimekarantene på 14 dagar skal gjelde personar som kjem til Herøy kommune frå fylka; Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland
    2. Personar og transport som er naudsynte for å sikre forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar (jmfr DSB sin liste over samfunnskritiske funksjonar) er unnateke krav om karantene
    3. Førar og naudsynt personell for vare- og passasjertransport er unnateke krav om karantene
  2. Vedtaket sikrar at innbyggarane i Møre og Romsdal kan bevege seg mellom kommunane i fylket, og andre fylke som ikkje er nemnt i pkt 1 a.
  3. Vedtaket vert gjort gjeldande for reisande som kjem til Herøy frå område nemnde i pkt 1a i perioden 20.03 – 27.03.20.

72 testa, ingen smitte

Ei oppdatering frå kommunen laurdag 21. mars klokka 09.46 fortel at det framleis ikkje er påvist smitte i Herøy. Som tidlegare vert det streka under at det kan vere store mørketal, så det berre eit bestemt utval personar som i dag vert testa for smitte. 72 herøyværingar er til no testa.


Fylkesmannen ber alle kommunane om å innføre "norsk karantene"

Fylkesmann Rigmor Brøste ber alle kommunane i Møre og Romsdal om å innføre like karantenereglar.



Bjørn Martin Aasen inn i korona-kampen

Herøy kommune har henta tilbake pensjonert kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.