To tilfelle av ruspåverka køyring fredag

Politiet melde fredag om to tilfelle der sjåførane var mistenkt rusa.

POLITI   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Fredag ettermiddag vart det teke blodprøve av føraren av ein bil, ein mann i trettiåra. Han vert no sikta for køyring i påverka tilstand. Førarkortet er beslaglagt, melder politiet.

Det heile føregjekk ein stad på Gurskøya.

Seint fredag kveld melde politiet at føraren av ei motorvogn vert meld for køyring i ruspåverka tilstand.

Det vart lagt til at prøvetaking vart gjennomført, sak vart oppretta og førarkortet vart inndrege. Dette skjedde ein stad i Herøy.