Må fjerne lovstridig krav i retningslinene for sosialhjelp

Herøy kommune må endre retningslinene for utmåling av sosialhjelp.

OLA­US-JON KOP­PER­STAD: Råd­man­nen ber dei fol­ke­val­de om å end­re på ret­nings­li­na.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

I desember 2018 vedtok Herøy kommunestyre å innføre retningsliner for utbetaling av sosialhjelp. Dette skjedde etter at kommunen hadde opplevd ein kraftig auke i slike utbetalingar. Målet med å innføre tydelege retningsliner på området, var å sikre at skjønnet som vert utøvd på dette området skal vere mest mogleg likt, og samstundes gjere reglane meir føreseielege for dei brukarane som treng slik hjelp.