Livets flytevest

Når noko er vanskeleg, slik som no, blir eg alltid inspirert av eit sitat frå min favoritt-humorist Arthur «Oluf» Arntzen: «Humoren har lyst som ei fyrlykt i svartnatta og vist leia inn tell hamn, og tell den løkkelige erkjennelsen at ingenting va så galt at det ikkje kunne ha vore verre».

Klassikar: Sketsjen med Rolf Wesenlund som tannlege og Harald Heide-Steen som pasient er ein av fredagsskribenten sine favorittar.  Foto: NRK

Vi må med andre ord leite etter noko å flire av no, på same tid som vi tek på alvor det vi skal ta på alvor.

Nyhende

Den same Arthur fortalde for nokre år sidan ei historie frå sin barndom: Han fortalde at dei var fattige, og at faren var ufør, bitter og deprimert, etter at han hadde fått skade.