Styringsgruppa reagerer:

Klarer ikkje å gjennomføre prosjekt som Stad skipstunnel

Styringsgruppa for Stad skipstunnel meiner Kystverket sitt innspel til ny Nasjonal transportplan (NTP) var skuffande og overraskande.

STAD SKIPSTUNNEL   Foto: Illustrasjon/arkiv

Nyhende

I likskap med dei andre transportetatane leverte Kystverket denne veka inn sitt forslag til korleis ressursane bør prioriterast i perioden 2022-2033. Her har Kystverket ikkje funne plass til Stad skipstunnel:

«Tiltaket Stad skipstunnel ligger inne med oppstart i første planperiode i gjeldende Nasjonal transportplan. Kystverket har gjennomført verdianalyse, og ny styringsramme for prosjektet er beregnet til 2 677 mill. kr. De tekniske forutsetningene i ramme A og B gjør at vi ikke har mulighet til å gjennomføre enkeltprosjekter i denne størrelsesorden innenfor rammene. Beregnet netto nytte per budsjettkrone for Stad skipstunnel er lavere enn på samlet investeringsportefølje som nå er prioritert i ramme A og B».

Små rammer frå departementet

– Dette betyr at Kystverket ikkje har fått rammer til å gjennomføre så store enkeltprosjekt som Stad skipstunnel. Kystverket har måtte forhalde seg til retningsliner og små rammer frå departementet. Kystverket har nemleg tidlegare hevda at dei ikkje-målbare samfunnsmessige gevinstane ved skipstunnelen overstig dei kronesette kostnadane, og derfor anbefalt bygging av Stad skipstunnel med begrunnelse i sikkerheit og framkomelegheit for sjøtransporten forbi Stad, seier prosjektleiar Randi Humborstad i styringsgruppa for Stad skipstunnel i ei pressemelding.

Ho viser til at Kystverket tidlegare har føreslege ein framdriftsplan med byggestart i 2021, og opning av verdas første skipstunnel i 2025.

– No er det opp til politikarane, og det er den politiske behandlinga av Nasjonal transportplan som blir avgjerande, seier Humborstad, og peiker også på at Stad skipstunnel er det einaste store investeringsprosjektet i gjeldande Nasjonal transportplan innanfor sjøtransport.

Styringsgruppa for Stad skipstunnel: Her representert ved Rolf Domstein og Randi Paulsen Humborstad. I midten dåverande samferdselsminister Jon Georg Dale. Denne posten er det no Knut Arild Hareide (KrF) som har.  

Styringsgruppa for Stad skipstunnel leverer no eit krav om at det blir sett av minimum 60 millionar kroner i oppstartmidlar til Stad skipstunnel på statsbudsjettet for 2021.

– Prosjektet har støtte av eit samla Vestland og næringslivet langs heile kysten, og vi forventar no eit politisk løft for Stad skipstunnel, heiter det frå styringsgruppa, som minner om at Stad skipstunnel er fullfinansiert i gjeldande NTP med 2,9 mrd. kroner, og at Stortinget har vedtatt byggestart for Stad skipstunnel i inneverende stortingsperiode (2017-2021).