Fylkesmannen ber alle kommunane om å innføre "norsk karantene"

Fylkesmann Rigmor Brøste ber alle kommunane i Møre og Romsdal om å innføre like karantenereglar.

Fylkesmann Rigmor Brøste: Nokre hadde kanskje håpa på at "norsk karantene" ikkje vart prioritert av Fylkesmannen, men no er i praksis alle kommunane i Møre og Romsdal pålagde å innføre dette.  Foto: Fylkesmannen

Nyhende

Det er klart etter eit møte fredag ettermiddag og kveld. I praksis blir alle kommunane pålagde å innføre same karantenereglane som kommunar som Ålesund og Sande har.


Sande innfører karantene for tilreisande frå Norge

Sande kommune innfører dei same karantenereglane som Ålesund, Sula og Giske.


Dette inneber at kommunane blir forventa å innføre 14 dagars heimekarantene for personar som kjem tilreisande frå desse fylka:

Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland.

- Fram til 19. mars hadde 18 av 26 kommunar gjort karantenevedtak etter smittevernlova .Kommunane fatta vedtaka for å avgrense smitte inn til Møre og Romsdal slik at mengda smitta personar ikkje oversteig tilgjengeleg kapasitet for helsetenesta. Det er framleis behov for å avgrense smitte til fylket, og intensivere andre førebyggjande tiltak .Kommunen har vedtaksrett, og har mynde og ansvar for å fatte lokale vedtak, heiter det frå Fylkesmannen.

Fylkesmannen ber kommunane om å sikre at personar og transport som er naudsynte for å sikre forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar er unnateke krav om karantene. Her vert det synt til DSB sin liste over samfunnskritiske funksjonar.


- Karantenereglar til å undre seg over

For Myklebust Verft byr det på utfordringar at Sande har strengare karantenereglar enn til dømes Herøy og Ulstein.


Førar og naudsynt personell for vare- og passasjertransport er unntatt krav om karantene.

- Vedtaka sikrar at innbyggarane i Møre og Romsdal kan bevege seg mellom kommunane i fylket og andre fylke som ikkje er nemnde over, skriv Fylkesmannen i ei pressemelding fredag kveld.

Fylkesmannen. nyttar høvet til å takke for "den formidable innsatsen som vert lagt ned i kommunane, blant beredskapsaktørane og den einskilde innbyggar i denne vanskelege tida vi no er inne i."

- Her vil eg særleg nemne helsepersonell som opplever ei særs krevjande tid no, seier Fylkesmann Rigmor Brøste.

Lokalt inneber dette at Herøy og Ulstein etter alle solemerke kjem til å innføre dei karantenereglane som Fylkesmannen ber om. Frå før har Hareid, Sande og Vanylven innført norske karantenereglar. I Vanylven gjeld ikkje karantenepålegginga dei som kjem tilreisande frå tidlegare Sogn og Fjordane fylke, som Vanylven også grensar mot.