Meir arbeid til Havila-fartøy

Havila Shipping har fått utvidda kontraktstida for to fartøy som er i arbeid for seismikkselskapet Axxis Geo Solution.
Nyhende

I fylgje ei børsmelding er det utviding av ein kontrakt på nodeseismikk i Midt-Austen som gjer at selskapet har utøvd opsjonen dei har på båtane Havila Aurora og Havila Fortune. For Aurora gjeld utvidinga til slutten av mai, og for Fortune til midten av juni.

Gjennom opsjonar har Axxis sikra seg ytterlegare tre månader leigerett til dei to båtane.

Meldinga om kontraktsutvidinga gav eit fint løft i aksjekursen for seismikkselskapet der Havila er stor eigar

Havila opplyser at dei i tillegg har inngått kontrakt med eit britisk oljeselskapet for supplyskipet Havila Borg frå 20. juni. Denne kontrakten gjeld for førti dagar pluss opsjonar.