Koronakrise-seminar for shippingklubben

– I slike tider er det sikkert veldig mange som lurer på veldig mykje, seier dagleg leiar Hallvar Ulfstein i Fosnavåg shippingklubb.

Hallvar Ulfstein 

Nyhende

Rettslege konsekvensar og problemstillingar for verksemder innafor maritim næring er tema som skal takast opp under eit seminar som advokatfirmaet Selmer arrangerer for Fosnavåg shippingklubb. Seminaret går på web fredag føremiddag.

Alvorlege konsekvensar

Vi har i løpet av dei seinaste dagane fått oppleve koronaviruset sine alvorlege konsekvensar for verksemder i heile verda, også dei norske. Spesielt ser vi at reiarar, offshore-, oljeservice og riggselskapa, og aktørar elles innafor den maritime næringa, er utsette for dei implikasjonar som situasjonen skaper, heiter det i innkallinga til webseminaret.

Til å kaste lys over ulike problemstillingar vil Selmer stille med ekspertar innafor industri, energi, shipping, arbeidsrett og bank/finans. Medlemene i shippingklubben blir oppmoda om å sende inn aktuelle problemstillingar som kan takast opp under seminaret.