Konfirmasjonane er utsette til hausten

Konfirmasjonane i Herøy og Sande vert gjennomførte i august og september.

UTSETT: Ingen konfirmasjon denne våren.  Foto: Foto: Bo Mathisen / Den norske kyrkja

Nyhende

Det skjer etter koronautbrotet. Dermed vil alle invitasjonar og bstillingar av lokale no verte kansellerte og endra. Og kyrkja er i gang med å planlegge for at det vert eit ekstra langt konfirmantår for 2005-kullet.

DNK Herøy

Den norske kyrkja i Herøy opplyser at konfirmasjonane er utsette til september. Datoane ein har peika ut, er 5., 6. og 13. september, til saman fem konfirmasjonsgudstenester i tre kyrkjer desse dagane.

– Dei planlagde festgudstenesten 29. mars i Herøy kyrkje og 19. april i Leikanger kyrkje må også utsettast – vi har enno ikkje funne ny dato for desse, så her kjem meir informasjon seinare, opplyser kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø.

Frikyrkja

Pastor Knut Magne Dalsbø i Herøy frikyrkje opplyser at eldsterådet (styret) har bestemt at konfirmasjonen skal utsettast til helga 29. og 30. august.

DNK Sande

Også i sokna i Sande er konfirmasjonen utsett til etter sommarferien. Her har fellesrådet og leiinga førebels ikkje landa på kva datoar konformasjonane skal gjennomførast.

Skriftleg informasjon

Kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø i Herøy informerer meir her:

Då har realitetane rundt koronasmitten innhenta oss, og i tråd med nasjonale råd ser vi oss nøydde til å utsette vårens konfirmasjonar til hausten. Konfirmasjon er ein stor og viktig merkedag i livet, og vi forstår godt at endringa på tidspunkt av vårens store høgdepunkt skaper stor frustrasjon og meirarbeid for dykk.

Vi gler oss no til å møte alle kjekke konfirmantar og dei gode familiene deira til haustens store høgdepunkt; KONFIRMASJON I SEPTEMBER!

Dette gjev eit slikt oppsett:

  • 5. september kl. 11 Laurdagskonfirmasjon
  • 6. september kl. 11 Konfirmasjon i Herøy kyrkje
  • 6. september kl. 11 Konfirmasjon i Leikanger kyrkje
  • 13. september kl. 11 Konfirmasjon i Herøy kyrkje
  • 13. september kl. 11 Konfirmasjon i Indre Herøy Kyrkje

Vi har stor forståing på om nokon må endre tidspunkt i forhold til det som er foreslått ovanfor; det beste er om det er ca. 20 konfirmantar på kvar gudsteneste i Herøy kyrkje og at konfirmantane i Indre Herøy kyrkje og Leikanger kyrkje vel sine respektive datoar.

Dei planlagde festgudstenesten 29. mars i Herøy kyrkje og 19. april i Leikanger kyrkje må også utsettast – vi har enno ikkje funne ny dato for desse, så her kjem meir informasjon seinare.

Herøy Frikyrkje kjem med denne informasjonen:

Eldsterådet (dvs styret i Herøy Frikyrkje) hadde møte i går kveld (17.03.20) der de tok ei vurdering ut i fra FHI sine retningslinjer og prognoser for videre utvikling av koronaepidemien, og de tok også med i vurderinga innspillene fra stab og dere foreldre, samt hva andre kirker har valgt å gjøre. Valget ble å flytte konfirmasjonshelga til siste helga i august(29. og 30. august).

Håper med dette at konfirmantene og dere kan få ei konfirmasjonshelg og feiring uten «koronarestriksjoner», og at dere nå har den forutsigbarhet dere trenger til tidsnok å kunne omgjøre booking av selskapslokaler, overnattingssteder, matbestillinger m.v. uten problemer.

Vi skulle ønske vi var situasjonen foruten, men vi må bare forholde oss til hvordan verden ser ut om dagen og gjøre så gode valg som mulig ut fra det.

Med vennleg helsing, Knut Magne Dalsbø, hovudpastor Herøy Frikyrkje