– Kjem sjølvsagt hit også

Frå måndag morgon til torsdag ettermiddag var rundt åtti personar i Herøy og Sande testa for mogleg koronasmitte. Så langt var det ikkje meldt inn smittetilfelle.

Runa Bakke: – Vi må berre rekne med at vi får fleire smittetilfelle etter kvart, seier Runa Bakke i Herøy kommune.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Men vi går ut i frå at det berre er eit tidsspørsmål før vi får meldingar om koronasmitta i våre kommunar. Det er ingen grunn til å tru at vi «går klar», seier avdelingsleiar for barn, familie og helse i Herøy kommune, Runa Bakke.

Då vi snakka med ho torsdag ettermiddag opplyste Bakke at arbeidet med prøvetaking gjekk problemfritt.

– Vi rekk over det vi skal, men det vil kanskje bli behov for meir ressursar etter kvart. Dette med smittevernutstyr, og eit relativt lite lager av slikt, er elles ei utfordring dei fleste av landets kommunar har, påpeikar Bakke overfor Vestlandsnytt.

Myrvåg legesenter fekk som meldt på vestlandsnytt.no ei utfordring måndag, då ein person troppa opp i legesenteret, utan avtale, og kravde å bli testa for koronasmitte. Legesenteret måtte difor stengast og desninfiserast, men var klart til bruk igjen tysdag morgon.

Om ikkje anna førte denne episoden til endå meir fokus på det som i desse dagar er viktig: Ring og avtal på førehand. Ingen skal møte opp, uansett bakgrunn eller årsak, utan å avklare dette med legekontoret eller legevakta på førehand.


Legesenter stengt etter at person troppa opp og ville ha koronatest

Måndag ettermiddag kom meldinga om at Myrvåg legesenter er stengt, og må desinfiserast.


Brukar «halve Nyglå»

I Sande var det planar om å setje opp telt til prøvetaking, men mykje vind førte til at planen vart lagd om. No har kommunen teke i bruk både legesenter, helsestasjon og jamvel biblioteket i arbeidet med kartlegging og prøvetaking.

– Ring på førehand. Det er svært viktig, strekar Sande sin kommuneoverlege Asta Sileikiene under.

Testing: Asta Sileikiene og hennar stab har teke i bruk både legesenteret, helsestasjonen og biblioteket på Nyglå.  Foto: Endre Vorren

Korona i nabokommunane

Ulstein fekk tysdag sine to første stadfesta koronasmitta. Det er dei to første på Ytre Søre Sunnmøre. Begge skriv seg frå utanlandsopphald. Personane tilhøyrer same husstand og har halde seg i heimekaratene sidan dei kom att.

Dagen etter, onsdag, kom første offisielle smittetilfellet i Vanylven kommune.

Svara på testane som er utførte denne veka kjem inn fortløpande.

– Det tek mellom to og fire dagar, alt etter kor stort press det er på laboratoria, opplyser Runa Bakke.

Prøvetaking - ikkje for kven som helst

Utbreiinga av koronasmitte gjer at det berre er eit utval «mistenkte smittetilfelle» som vert testa. Vi saksar frå Herøy kommune sine nettsider:

Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger bli testa og skal heller ikkje kontakte helsevesenet - med mindre dei har behov for helsehjelp. Testing er avgrensa visse pasientgrupper og helsepersonell som får luftvegssymptom.

– Vi er no i ein fase der vi veit det finst spreiing i samfunnet, og utan kjend reise. Det viktigaste no er at alle som kan vere smitta held seg heime for å unngå å smitte andre. Det er også svært viktig at vi oppdagar smitte hos dei mest sårbare og helsepersonell. Hos desse må vi framleis ha fokus på testing og smittesporing.

Følgjande skal testast:

Pasientar med akutt innsettande luftvegsinfeksjon med behov for innlegging ved sjukehus.

Innlagde pasientar i alle helseinstitusjonar med akutt luftvegsinfeksjon.

Tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid som får akutt innsettande luftvegsinfeksjon.

Person med akutt luftvegsinfeksjon som har vore i nærkontakt med eit stadfesta tilfelle av covid-19. Kva som er definert som nærkontakt vert avgjort av lokale helsestyresmakter.

Spesielt sårbare grupper bør vurderast for testing sjølv ved milde symptom.

Vestlandsnytt.no oppdaterer deg på koronasituasjonen!