Runde Miljøsenter har forska på sil/tobis sidan 2016, og stadig gjer dei interessante funn:

– 2019 var heilt spesielt!

– Vi må heilt tilbake til 1966 og 1992 for å kome i nærleiken av det fenomenet vi har sett det siste året.

Nils-Roar Hareide: Dagleg leiar ved Runde Miljøsenter, Nils-Roar Hareide, tek prøver av sil frå torskemagar på fiskerimottaket til «Marine Sales» i Stokksund. Han er takksam for velviljen han møter både her, og på Sandefisk på Sandsøya, der han også får ta prøver.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Nils-Roar Hareide vrir om tenninga på bilen. Den daglege leiaren for Runde Miljøsenter tastar så inn eit telefonnummer på dashbord- skjermen. Nummeret tilhøyrer fiskar Bård Kopperstad. Etter å ha lytta til den repeterande summelyden legg vi på. Han svarar ikkje. Vi har sete i bilen i nærare 20 minutt og venta på fiskaren utanfor fiskemottaket i Stokksund, men enno ser vi ikkje teikn til båten hans.