Dani (19) måtte reise frå draumestudiane i USA

Åleine heime i karantene

I august flytta herøyværingen Dani Rønnestad Hansen (19) til California for å studere og spele fotball. No går dagane i alternativ trening heime og online-klasser til langt på natt.

I ka­ran­te­ne: Dani Røn­ne­stad Hansen (19) måt­te pak­ke kof­fer­ta­ne å rei­se heim til Noreg frå Menlo College i California, der han stu­de­rer psy­ko­lo­gi og spe­lar fot­ball. Han veit enno ik­kje når el­ler om han får rei­se til­ba­ke.  Foto: Privat

Nyhende

Det er ikkje meir enn 6–7 månadar sidan den tidlegare Bergsøy-spelaren Dani Rønnestad Hansen reiste til Silicon Valley for å studere psykologi og spele fotball. Høgskulen han kom inn på, Menlo College, var midt i blinken for han; relativt liten, med imøtekomande, trivelege studentar og nærleik til lærarane.