Vil ha rundkøyring med fire armar i Igesundvegen

Herøy formannskap var ikkje eingong i tvil om kva som er den beste løysinga for nye krysset i Igesundvegen. Løysinga betyr samstundes at ein legg opp til riving av to hus.

OLE MAG­NE RO­TE­VATN: Lei­a­ren for ut­vik­lings­av­de­lin­ga mei­ner ei rund­køy­ring med fire ar­mar er ei ve­sent­leg meir fram­tids­ret­ta løy­sing enn dei andre al­ter­na­ti­va. For­mann­ska­pet sa seg heilt ei­ni­ge.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

– Slik eg ser det, er det ikkje tvil om at rundkøyring med fire armar er det mest framtidsretta. Det vil ikkje vere bra om vi går for ei løysing som er for dårleg allereie den dagen vi opnar ho. Vi må sjå det i samanheng med Huldalen, Igesund og ikkje minst den nye bydelen i Fosnavåg.