Leiar:

Uverkeleg situasjon

Det er ein nærast ubegripeleg situasjon vi har hamna i. Kampen mot koronaviruset gjer at landet er inne i ein krisesituasjon, ein unntakstilstand som kjem til å vare i fleire veker. Kanskje fleire månader.

  Foto: CDC, Alissa Eckert

Nyhende

Alle samlingar og arrangement som ikkje vert omtala som «kritisk viktige», er avlyste. Regjeringa lanserer ein krisepakke til 100 milliardar kroner, pengar som skal hjelpe eit allereie hardt råka næringsliv.

At det kjem til å bli koronasmitta også i våre grender, er heva over ein kvar tvil. Så får vi berre håpe at bremsene som er sette på, avstanden vi held til kvarandre, også bremsar på koronaen sin frammarsj.

Nokre ord om korleis Vestlandsnytt prøver å takle situasjonen: Vi har stengt kontora våre for publikum, og i redaksjonen jobbar vi også delvis heimanfrå. Det vil for vår del sitje langt inne å oppsøkje folk, og om vi gjer det, vil vi ta dei forholdsreglar som helsestyresmaktene gir oss.

Vestlandsnytt vil kome ut som tidlegare. Det vert naturleg nok mykje stoff om koronasituasjonen, men vi kjem også til å legge vinn på å få inn anna stoff. Tips oss gjerne om aktuelle saker som kan vere interessante eller nyttige å lese om.

I tillegg til dei to papiravisene i veka har vi også nettstaden vestlandsnytt.no, der vi kontinuerleg legg ut siste nytt om den lokale korona-stoda. Alt stoff som her vert lagt ut, og som inneheld viktige opplysingar for publikum, vert lagt ut ope, slik at alle kan lese det.

Takk til dei som held hjula igang; tilsette i helsestellet, lokalt, regionalt og nasjonalt. Alle dei som driv «fronttenester», det vere seg tilsette i butikkar, transportsektoren, produsentar av livsviktige varer. I tillegg fortener andre, som vanskeleg kan legge vekk arbeidet, litt ekstra honnør. Mange av desse gjer jobben sin med litt meir risiko enn gjennomsnittsnordmannen, og utan deira innsats hadde det meste stoppa opp.