Næringslivet ber om felles tiltak, Fylkesmannen kan ta grep

Variasjonen av smittevernreglar gjer at næringslivet etterlyser felles tiltak.

Hav­lan­det AS: Næ­rings­livs­sjef Me­re­the Hjer­tø Flu­sund og fem andre næringsleiarar på Sære ber om felles smittevernreglar.  Foto: Arkiv / Josefine Spiro

Nyhende

Det kjem fram av eit brev næringslagsleiarar i seks av dei sju kommunane på Søre Sunnmøre har sendt til kommunane.

- Då det er mykje som no er opp til kommunane å vedta eit smittevernregime, ønskjer næringslivet på Søre Sunnmøre å oppmode om at ein tek hensyn til at Søre Sunnmøre i stor grad er éin bu- og arbeidsregion, heiter det i innspelet.

Kommunane sine tiltak i denne regionen bør i fylgje næringslaga justerast i størst mogleg samspel, slik at drift av næringsaktivitet, arbeid og pendling har mest mogleg førseielege vilkår gjennom denne situasjonen vi no er i. Vi trur også at felles retningslinjer vil vere lettare å kommunisere ut i regionen enn ulike reglar frå kommune til kommune, skriv dei seks.

Like reglar rundt hjørnet: Næringslivet ynskjer like spelereglar. Det same signaliserer Fylkesmannen.  Foto: CDC, Alissa Eckert

Næringslivet varslar også at dei ynskjer å vere ein aktiv partnar for kommunane i denne tida.

Merethe Hjertø Flusund, dagleg leiar i Havlandet AS i Herøy, har skrive under. Det same har næringslagsleiarane Daniel Garden (Ulstein), Idar Flø (Hareid), Roar Vikene (Volda), Tor Inge Nyård (Vanylven) og Odd Magne Vinjevoll (Ørsta).

Fylkesmannen vil samordne

Ønskjet frå næringslivet på Søre kan kome til å bli raskt høyrd. Tidlegare tysdag melde nemleg NRK Møre og Romsdal at Fylkesmannen no har fått mynde til å samordne kommunane når det gjeld tiltak mot spreiing av koronaviruset.

Dette vart stadfesta av fylkesmann Rigmor Brøste. Målet er få til like tiltak i kommunene, i følgje NRK.