57 er testa for koronavirus i Sande og Herøy denne veka

29 sandssokningar er måndag, tysdag og onsdag testa for eventuell koronasmitte. 28 er testa i Herøy.

Mange prøver: Det er denne veka testa fleire titals sandssokningar og herøyværingar.  

Nyhende

Det er venta at begge kommunane vil få sine første tilfelle av stadfesta koronasmitte i løpet av kort tid. Men:

- Ingen har testa positivt her, seier Runa Bakke. Ho er avdelingsleiar for barn, familie og helse i Herøy i kommune.

- Heller ikkje her er det førebels registrert noko stadfesta smittetilfelle, seier kommuneoverlege Asta Sileikiene i Sande.

Ulstein fekk tysdag sine to første stadfesta koronasmitta. Det er dei to første på Ytre Søre Sunnmøre. Begge skriv seg frå utanlandsopphald. Personane tilhøyrer same husstand og har halde seg i heimekaratene sidan dei kom att.

Svara på testane som er utførte denne veka kjem inn fortløpande.

- Det tek mellom to og fire dagar, alt etter kor stort press det er på laboratoria, opplyser Runa Bakke.

Ein viktig regel Bakke og Sileikiene igjen vil presisere, er:

- Møt aldri opp utan avtale. Ring på førehand, slik at kvar enkelt sin situasjon vert vurdert, og slik at alle får dei instruksane dei skal ha.

Testing - ikkje for kven som helst

Utbreiinga av koronasmitte gjer at det berre er eit utval "mistenkte smittetilfelle" som vert testa. Vi saksar frå Herøy kommune sine nettsider:

Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger bli testa og skal heller ikkje kontakte helsevesenet - med mindre dei har behov for helsehjelp. Testing er avgrensa visse pasientgrupper og helsepersonell som får luftvegssymptom.

Vi er no i ein fase der vi veit det finst spreiing i samfunnet, og utan kjend reise. Det viktigaste no er at alle som kan vere smitta held seg heime for å unngå å smitte andre. Det er også svært viktig at vi oppdagar smitte hos dei mest sårbare og helsepersonell. Ho desse må vi framleis har fokus på testing og smittesporing.

Helsepersonell med pasientnært arbeid som har symptom på luftvegsinfeksjon (minst eitt av symptoma feber, hoste, kortpust) kontaktar fastlegen for å få vurdert om dei skal testast.

Følgjande skal no testast for covid-19:

  • Pasientar med akutt innsettande luftvegsinfeksjon med behov for innlegging ved sjukehus
  • Innlagte pasientar i alle helseinstitusjonar med akutt luftvegsinfeksjon
  • Tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid som får akutt innsettande luftvegsinfeksjon
  • Person med akutt luftvegsinfeksjon som har vore i nærkontakt med eit stadfesta tilfelle av covid-19. Kven som er nærkontakt vert avgjort av lokale helsestyresmakter.
  • Spesielt sårbare grupper bør vurderast for testing sjølv ved milde symptom