Meir pengar å hente frå hoppid.no:

Mange idéar i Fosnavåg

-Går du med ein forretnings-idè i magen, så ta kontakt med oss. Vi har no fått meir pengar å dele ut.

«hopp i det»: Kom til oss om du har ein idè du ønskjer å avklare, oppmodar Robert Voldnes som er kontaktperson for hoppid.no i Herøy, Ulstein og Hareid. arkivfoto Herøy kommune 

Nyhende

Det seier Robert Voldnes etter at fylkeskommunen har fordelt nye tre millionar kroner i hoppid.no-midlar til kommunane i fylket. Møre og Romsdal er det einaste fylket som har dette tilbodet til grunderar og nyetablerarar, og Herøy er mellom dei som har fått mest med 154.138 kroner i påfyll for 2020.