Kvardag i Korona-tid

Når det meste er stengt, må vi finne meir kreative løysingar på aktivitet. Her er nokre glimt frå kva folk i Herøy og Sande tek seg til for tida.

kreativitet: -Eg jobbar som kunst- og handtverkslærar på Hessa skole (Ålesund), og no i desse Korona-tidene held vi på med K&H heime med jenta mi på 8 år. Saman føebur vi oppgaver til elevane mine; noko dei vil klare å gjere heime. I dag laga vi dekorasjonar av drivved og fargeblyantar.   Foto: Emilia Piesta

Nyhende

(Send oss gjerne dine bilde og video frå kva du og dine styrer med heime for tida, til redaksjon@veslandsnytt.no)

Bjørnar (8) har laga film om den gongen det kom koronavirus til Duplobyen. Dette er ein av mange duplofilmar han har laga og publisert på YouTube.

Hei, vi tok eit skikkeleg langfriminutt i heimeskulearbeidet i dag. Vi køyrde til mormor og morfar sin fjøs i Oksavikja og såg på to nyfødde lam. Helsing Martin Olai Tødenes, 4.klasse   Foto: Foto: Anne Marthe Tødenes

Marte (5) er også med på heimeskule.  Foto: Irene Skoge Remøyholm

Kreativ heime? Send oss gjerne bilde og video

Det meste er stengt eller avlyst, men det betyr ikkje at du må sitje heime og kjede deg. Kva bruker du tida til?


Fritidssyssel: Her har vi hatt skulearbeid, og vi har vaska bil i lag. Kjekt å få hjelpe til.  Foto: Linn Nærø

Bingo: - Når vêret ikkje er på det beste, så har vi iallefall noko å fordrive tida med heime. Vi prøver å avgrense skjermtid, so då må ein vere litt kreativ på heimebane. Alle tre ungane har fått tilpassa penge-bingo som motiverer til nyttig aktivitet, opplæring, tidsfordriv eller kva ein vil kalle det.   Foto: Veronica Frantzen

Born og unge samlar seg i grupper. No slår politiet alarm.

Politiet på Søre Sunnmøre ropar eit kraftig varsko etter at born og unge samlar seg i gjengar, parallelt med den pågåande koronakrisa.



Ingen påvist smitte i Herøy, men om det skal halde seg må folk ta omsyn til kvarandre:

– Må vise kva som bur i oss

Herøyordførar Bjørn Prytz oppmodar alle om å vere solidariske . – Ikkje reis på hytta, ikkje hamstre mat og ver ein god nabo, er hans klare beskjed til kommunens innbyggjarar.



Full stopp for fotballen ut april

Norges Fotballforbund har stoppa all breiddefotball-aktivitet ut april.



Kriseleiinga i Sande kommune samla måndag:

– Førebur «worst case»

Krisegruppa i Sande var måndag føremiddag samla til nytt koronamøte. Ein tek høgde for eit «i verste fall-scenario».



Har oppretta eiga korona-dugnadsgruppe for Herøy på Facebook

Søndag vart det oppretta ei eiga dugnadsgruppe for folk som vil assistere andre i desse korona-tidene.



Slutt på manuell betaling på ferjene

Det er slutt på manuell betaling på alle ferjene i Møre og Romsdal.



Legesenter stengt etter at person troppa opp og ville ha koronatest

Måndag ettermiddag kom meldinga om at Myrvåg legesenter er stengt, og må desinfiserast.