Barnehagar, skular og det meste av fritidstilbod er stengt i minst to veker. Det same er dei fleste sosiale arenaer. Mange sit også i karantene og kan ikkje ein gong gå på besøl eller ta imot gjestar. Så kva gjer vi for å underhalde oss sjølve?
Send oss rapport då vel
Send oss gjerne heimevideo eller bilde og tekst om kva du og dine finn på i desse Corona-tider. Det kan vere til inspirasjon og underhaldning for andre. Vi veit til dømes at i Kina, der tilstandane rett nok er mykje meir ekstreme enn her, har folk blitt særs kreative og laga mykje god humor i form av heimevideoar den siste tida.
Du kan sende bilde, tekst og videoar til redaksjon@vestlandsnytt.no.