Kriseleiinga i Sande kommune samla måndag:

– Førebur «worst case»

Krisegruppa i Sande var måndag føremiddag samla til nytt koronamøte. Ein tek høgde for eit «i verste fall-scenario».

Kriseleiing Sande kommune: Samling på rådhuset måndag 16. mars: Vi ser f.v. Kari Johanne Skarmyr, Bård Dalen, Oddbjørn Indregård, Øystein Johansen, Kjell Martin Vikene, Trond Arne Aglen, Olav Myklebust, Einar Ekroll, Elin Muren Rokstad, Marianne Hauge og Wenche Thorseth. I tillegg er også kommuneoverlege Asta Sileikiene og politiet med i kommunen si kriseleiing. Foto: Endre Vorren 

Nyhende

– Det stemmer. Vi må førebu oss på at det den komande tida vil dukke opp fleire tilfelle av koronasmitte også i vår kommune. Og vi må planlegge for at mange vert smitta.

Det seier leiar i kommunen sin krisestab, ordførar Olav Myklebust, til Vestlandsnytt.

Test-telt på Larsnes

Då vi snakka med han måndag, var det framleis ikkje rapportert inn nokon stadfesta tilfelle av koronasmitta personar verken i Sande eller i resten av Ytre Søre Sunnmøre.

– Dette kan endre seg raskt. Vi går no i gang med å setje opp eit telt utanfor Sande Forretningsbygg. Det skal nyttast til prøvetaking. Vi gjer merksam på at viss nokon mistenkjer koronasmitte, så skal ein altså ikkje oppsøkje legesenteret. Ein skal ringe legesenteret eller legevakta og gjere avtale, presiserer Myklebust.

Kriseleiinga drøfta måndag komande tiltak som etablering av ei eiga fløy på Sandetun, der ein har rom for koronasmitta.

– Det blir strengt skilt frå resten av bygningen, noko som også vil skje når det gjeld disponering av tilsette. Slike senger eller rom vil vere for dei som er for friske til å vere på sjukehus, men for sjuke til å vere heime, opplyser Myklebust.

– I tillegg har vi planar om å få på plass nokre ekstrarom på den gamle psykiatridelen av bygningen. Desse kan ved behov omdisponerast til omsorgssenter-rom.

Treng hjelpande hender

Han legg til at kommunen også har fått «ja» frå tidlegare tilsette i helsevesenet som kan steppe inn og gjere ein innsats om det trengst.

– Vi vil gjerne ha kontakt med fleire som har erfaring frå helsevesenet, og som kan hjelpe til. Det er berre å ta kontakt, oppmodar ordføraren.

– Bruk sunn fornuft!

Det han uansett appellerer mest til, er at folk brukar sunn fornuft.

– Vi har ein del studentar som har reist tilbake til Sande fordi skulane er stengde. Er det elles andre som har vore på reise, bør ein ta det med ro heime, er tilrådinga frå Myklebust.

Som kjent er omsorgssenteret stengt, til liks med skular og barnehagar. Også rådhuset er stengt for publikum.

– Når det gjeld barnehage og SFO, har vi eit tilbod på Larsnes skule for dei som er born av foreldre med samfunnskritiske stillingar.

Butikk-råd

– Eit generelt råd, som vi ikkje kan gjenta ofte nok, er å fylgje hygieneråda frå Folkehelseinstituttet, samt at folk unngår å samle seg på noko som helst vis. Vi går no inn i ein dialog med daglegvarebutikkar og forretningar der tilrådinga vår er at ein innfører eit maksimumstal med kundar inne i butikken, legg Olav Myklebust til.

I Sande er det mange av utanlandsk opphav, og difor kan informasjon vere ei utfordring, ikkje minst språkmessig.

Fleire i reisekarantene

– Vi har ein god dialog med bedrifter som har mange utanlandske tilsette, og håpar og trur all informasjon når fram til alle, slik at dei skjønar alvoret i situasjonen.

Myklebust Verft, Larsnes Mek. og Brimer har arbeidarar som har vore i utlandet. Det same har kommunen.

– Vi har ein fin dialog med desse bedriftene, som har folk i karantene. Også her er målsettinga at alle overheld reglane, og til dømes ikkje oppsøkjer butikkar. Det er også fint å sjå at butikkane no etablerer ordningar med utkøyring av varer, slik at folk faktisk ikkje treng å oppsøkje butikken.

Skal ikkje stå på pengar

Som leiar av ein Robek-registrert og fattig kommune ser han no at pengane «renn ut» som fylgje av korona-situasjonen.

– Men her skal ikkje tiltaka stå på pengar. Vi må bruke dei ressursane som trengst for at vi skal stå best mogleg rusta, påpeikar han.

Sjølv om Sande kommune seier ein førebur seg på verst tenkjeleg scenario, så er det lettare sagt enn gjort. Når det gjeld smittevernutstyr, er ein ikkje heilt der ein skal vere.

– Vi har ein del slikt utstyr, men bør styrke oss jer. Vi har bestilt meir, men det er eit stort behov for slikt utstyr over heile landet, opplyser ordførar Myklebust.

Sande kommune planlegg også ei splitting i kriseleiinga slik at ikkje alle vert samla på same tid, slik som måndag.

– Det gjeld å minske risikoen. Det ser vi også eit døme på når det gjeld viktig infrastruktur. Innan teknisk har vi tilsette på heimekontor, med tanke på viktige funksjonar som vassverka, som ei føre-var-løysing, påpeikar Myklebust.

Han seier det er ein felles dugnad som går føre seg, med alle innbyggjarar involverte.

– Det handlar om å bremse utbreiinga, flate ut denne kurva som har vore så mykje framme i nyheitsbildet, forklarar ordføraren.

Nye Ambu-reglar

Sande kommune gjorde måndag eit nytt vedtak som vil påverke lokalt næringsliv:

– Ambulansebåten er no stengt for all persontransport. Han vil berre nyttast til transport av helsepersonell og som rein ambulansebåt, fortel Olav Myklebust.

Kor lenge unntakstilstanden vil vare, er det ingen som veit. Myklebust trur det vil halde fram i alle fall til påske, og truleg endå lenger.