Tida går:

Herøymessa: Til tider var det nærast kaotiske tilhøve

Fyrste Herøymessa vart halden i 1973. Messa, som varte i åtte dagar, vart ein stor suksess.

PÅ MESSE: Mads Leine (til venstre) og Leiv Pettersen – to av dei om lag 25 000 som besøkte Herøymessa i 1973. I bakgrunnen ser vi litt av det store Kvalsundskipet – vikingskipet som var hovudattraksjonen på messa. FOTO: HARALD THORSETH 

Bruene over vaulane var også ein viktig attraksjon under Herøymessa. Mange av dei som tok turen til Fosnavåg og messa, nytta høvet til å ta ein tur til Nerlandsøya og Remøya.

Nyhende

Herøymessa var ei stormønstring av både næringslivet og kulturlivet i Herøy. Heile 25 000 personar besøkte messeområdet i parken i Fosnavåg.