Har oppretta eiga korona-dugnadsgruppe for Herøy på Facebook

Søndag vart det oppretta ei eiga dugnadsgruppe for folk som vil assistere andre i desse korona-tidene.

Skjermdump frå Facebook. 

Nyhende

"Corona hjelp Herøy (M & R)" heiter gruppa. Intensjonen med å opprette gruppa er å gjere det enklare å samle Herøyværingane rundt dugnaden, forklarar herøyværingen Kristian Remøy-Bakke som står bak initiativet.

– Det er ikkje usannsynleg at fleire hamnar i karantene og at fleire ikkje vil forlate heimen på grunn av at dei er i risikogruppa. Det er også sannsynleg at det blir fleire som trenge hjelp framover, forklarar Bakke-Remøy.

Berre på få timar har gruppa fått mange medlem og responsen har fore stor.

– Responsen har vore massiv, med nærare 500 medlem og mykje positiv respons og støtte rundt gruppa, seier Kristian til Vestlandsnytt.

Han avsluttar med å understreke at alle som melder seg som frivillig må vere symptomfri og ta sine førehandsreglar med hygiene.