Sandsøy idrettslag har vedteke å avlyse årets utgåve av Sjutoppsturen

Det etterkvart tradisjonelle arrangementet vert kvart år gjenomført langfredag. I år var turen tidfesta til 10. april.

Sjutoppsturen: Frå 2018-utgåve av Sjutoppsturen, i regi av Sandsøy IL. Dette har blitt eitt av dei største tur-arrangementa i regionen.   Foto: Henrik Mork Vorren

Nyhende

Årsaka til avlysinga er situasjonen med koronavirus og krava som er sette i verk frå helsestyresmaktene.

Dei som var førehandspåmelde vil få refundert det dei har betalt.

Sjutoppsturen har sidan oppstarten i 2005 blitt eitt av dei mest populære trimløpa i landsdelen. I fjor samla Sjutoppsturen heile 867 deltakarar, når ein reknar tur- og konkurransedeltakarar under eitt.

Sandsøy idrettslag varslar at ein kjem tilbake med ei ny utgåve av Sjutoppsturen neste år. Ein minner elles om at turløypene uansett er opne – heile året – for dei som likar å kombinere trim med fine naturopplevingar.