Oppdateringar om korona frå Sande

Her legg vi ut oppdateringar kring koronasituasjonen i Sande.

Sande illustrasjon:   Foto: VN

Nyhende

Oppdatering 8.mai:

Status: Ingen nye smittetilfelle.Totalt 5 personar har fått påvist smitte. Alle er friske igjen.

Sande legesenter har gjennomført tilsaman 238 testar, og vi har ingen nye smittetilfelle i Sande.

Oppdatering 1. mai:

I ei oppdatering frå Sande kommune heiter det at det ikkje er påvist nye tilfelle av koronasmitte. Totalt er det no utført 205 testar.

Fem sandssokningar var på eit tidspunkt smitta av covid-19, men dei er alle friske igjen.

Samstundes blir det presisert at alle som har luftvegssymptom no kan bli testa, men ein må då gjere avtale med lege eller legevakt først.

Oppdatering 24. april:

Sande har prosentvis vore mellom dei mest råka kommunane i regionen. No er alle dei smitta friskmelde.

Det var kommunen som kom med denne gladmeldinga fredag morgon, 24. april.

Det er til saman fem personar i Sande som har fått påvist koronasmitte.

Vestlandsnytt er kjend med at dette dreier seg om to personar som er i same husstand, to andre personar som også er i same husstand, og éin enkeltperson.

Sande kommune har ei tid operert med fire, og seinare fem smitta, der ein har venta på friskmelding av den siste personen. Og denne kom altså fredag.

Samstundes er Sande også mellom dei kommunane som relativt sett har testa flest personar. 182 testar er gjennomførte i Sande, og kommunen opplyser fredag morgon at dei ventar på svar på fem testar.

Oppdatering 17. april:

Status: Totalt fem personar har fått påvist smitte. Fire av desse er friske igjen.

- Totalt er det utført 169 testar. Vi ventar svar på tre testar, opplyser kommunen.

Sande kommune kjem med denne gladmeldinga fredag morgon, 24. april. Det er till saman fem personar i Sande som har fått påvist koronasmitte.

Vestlandsnytt er kjend med at dette dreier seg om to personar som er i same husstand, to andre personar som også er i same husstand, og éin enkeltperson.

Sande kommune har ei tid operert med fire, og seinare fem smitta, der ein har venta på friskmelding av den siste personen. Og denne kom altså fredag.

Samstundes er Sande også mellom dei kommunane som relativt sett har testa flest personar. 182 testar er gjennomførte i Sande, og kommunen opplyser fredag morgon at dei ventar på svar på fem testar.

Oppdatering 15. april kl 09.45

Status: Totalt 5 personar har fått påvist smitte. Fire av desse er friske igjen.

- Totalt er det utført 161 testar. Vi har fått svar på alle, heiter det på kommunen si heimeside,

Oppdatering måndag 13. april klokka 18.30

Sande kommune melde andre påskedag om endå eit tilfelle av koronasmitte.

I meir enn ei veke har det vore fire koronasmitta både i Herøy og Sande.Andre påskedag opplyser Sande kommune at talet no er fem.

Av desse er tre friske igjen.

- Nærkontakter er tatt prøve av, og desse er no i karantene, opplyser Sande kommune om det seinaste tilfellet av koronasmitte.

Oppdatering søndag 12. april klokka 10.30

Status: Totalt 4 personar har fått påvist smitte i Sande - 3 er friske igjen.

Det er ikkje påvist nye smittetilfelle i Sande i dag.

Oppdatering torsdag 9. april 11.00

Status: Totalt 4 personar har fått påvist smitte i Sande - 3 er friske igjen.

Oppdatering onsdag 8. april 12.30

Status: Totalt 4 personar har fått påvist smitte i Sande - 3 er friske igjen.

2 av desse er smitta i utlandet – 2 i Norge.

Ein person er innlagt på sjukehus. 3 av dei smitta er friske igjen. Ingen nye smitta onsdag.

Totalt er det tatt 143 testar i Sande kommune. Dei ventar på svar på 15 testar.

Oppdatering tysdag 07. april 12.00

Status: Totalt 4 personar har fått påvist smitte i Sande - 3 er friske igjen.

2 av desse er smitta i utlandet – 2 i Norge. Ein person er innlagt på sjukehus.

3 av dei smitta er friske igjen. Ingen nye smitta i dag.

Totalt er det tatt 128 testar i Sande kommune. Dei ventar på svar på 18 testar.

Oppdatering fredag 3. april 14.00:

Sande kommune melder fredag ettermiddag at tre av dei fire sandssokningane som har vore smitta av koronaviruset, no er friske.

Det er no teke 103 koronatestar i Sande, og ein ventar på svar på ni av desse.

Oppdatering onsdag 1. april 18.00:

Sande kommune melder at det framleis er fire sandssokningar som har fått påvist smitte, og dermed ingen nye samanlikna med tidlegare oppdateringar.

Det er no teke 90 koronatestar i Sande, og ein ventar på svar på 21 av desse.

Oppdatering tysdag 31. mars 08.30:

Sande kommune opplyser tysdag morgon at av dei fire som er smitta så er to smitta i utlandet, medan to er smitta i Norge. Det er elles teke 76 testar i Sande, og ein ventar no på svar på seks av desse.

Måndag 30. mars klokka 14.15:

Sande kommune melder måndag ettermiddag at ein fjerde person er smitta av koronaviruset. Vedkomande er innlagt på sjukehus. Smittesporingsarbeid pågår.

Oppdatering måndag 30. mars klokka 11.30:

Status er framleis at det er tre personar som er påvist smitta. Sande kommune skriv elles:

Vi har ikkje fått stadfesta nye smitta dei siste dagane. Det kan sjølvsagt vere mørketal – altså nokon som har fått viruset og ikkje er testa.

70 testar er tatt – vi ventar på svar på 5 .

Sandssokningane fyl nasjonale retningsliner og er flinke til å halde seg heime. Butikkane melder at det er færre som handlar og at folk handlar meir når dei først er på butikk. Ved varebestilling kan du spørje om butikken har Vipps.

Opphøyr av lokal karantene i Sande

Det lokale vedtaket etter smittevernlova om avgrensing av innreise til Sande kommune opphøyrer laurdag.

Vedtaket gjeld til midnatt 27. mars. Frå 28. mars er det dei nasjonale reglane om karantene som gjeld.

Det skriv Sande kommune på sine heimesider.

AMBU er framleis innstilt for ordinær passasjertrafikk.

I samband med fare for spredning av Covid-19 har kommunedirektøren fatta følgjande vedtak:

Samfunnsbåten AMBU skal innstille ordinær rutetransport med verknad fram til og med fredag 3. april.

Vedtaket er gjort etter lov om vern mot smittsame sjukdomar §4-1 .

Fredag 27. mars klokka 08.20:

Fredag morgon kunne Sande kommune informere om at endå ein person er stadfesta smitta av koronaviruset.

Den andre personar i reisefølgjet frå utlandet testa positivt. Den første personen fekk ein stadfesta med positiv prøve tidlegare i veka.

I tillegg har Sande ein innbyggjar som har blitt smitta innanlands.

- Totalt er 70 personar testa. Det går normalt nokre dagar frå prøva blir sendt inn til svaret ligg føre. Vi ventar svar på fem prøver, heiter det frå kommunen.

Oppdatering 26. mars kl. 08.30:

Endå eit smittetilfelle i Sande.

Torsdag morgon vart det klart at Sande kommune har fått sitt andre smittetilfelle.

- Det er her snakk om eit par som har kome heim frå utlandet, og vi ventar svar på prøva til den andre. Familien har vore i karantene sidan heimkomsten, og det er slik ikkje fare for smittespreiing.

Slik informerer kommunen kring det andre smittetilfellet.

Sande kommune legg til at 65 personar testa.

- Det går normalt nokre dagar frå prøva blir sendt inn til svaret ligg føre. Vi ventar svar på 7 prøver.

Oppdatering 25. mars kl 12.15:

Status: Éin person smitta

Framleis er det berre ein person som har fått påvist smitte av korona-virus. Totalt er 60 personar testa no. Det går normalt nokre dagar frå prøva blir sendt inn til svaret ligg føre. Vi ventar svar på 14 prøver.

Oppdatering tysdag 24. mars kl. 11. 00:

Første tilfellet av koronasmitte i Sande

Tysdag morgon vart det klart at også Sande kommune har fått eit tilfelle av koronasmitte.

Medan dei fleste andre sunnmørskommunane har fått rapportert inn tilfelle av koronasmitte siste veka, har Herøy og Sande vore utan slikt.
- Det er i dag registrert eit tilfelle av korona her i Sande. Vi har denne situasjonen under kontroll, seier kommuneoverlege Asta Sileikiene.

Av omsyn til personvernet kan ho ikkje seie så mykje meir om denne saka. Men ho opplyser at personen som er stadfesta smitta, har vore i karantene. Dermed skal ikkje vedkomande i teorien ha utsett andre for smitte.

Familien er isolert

Leiar i Sande kommune sin krisestab, Olav Myklebust, seier fylgjande om saka:

- Det dreier seg ikkje om ein kommunetilsett. Det er ein person som siste tida har vore i heimekarantene saman med familien. Vedkomande vart testa 18. mars. No er familien i isolasjon.

Myklebust seier vedkomande har blitt smitta i Norge. Kommunen meiner også å ha kontroll over kven som har vore i kontakt med pasienten.

Oppdatering måndag 24. mars kl. 16.00:

Fem nye testar er utførte i Sande måndag.

Det melder kommuneoverlege Asta Sileikiene. Så langt er totalt 57 personar blitt testa i Sande. Alle testane har vore negative.

Oppdatering fredag 20. mars kl. 16.00:

Kommuneoverlege Asta Sileikiene opplyser til Vestlandsnytt at ein fredag har motteke sju prøvesvar. Samtlege er negative (ingen koronasmitte).

- Dette inneber at det framleis ikkje er registrerte smittetilfelle i Sande. Fredag tok vi åtte nye prøver, opplyser kommuneoverlegen.

Oppdatering fredag 20. mars kl 10.00

Framleis ingen påvist smitte i Sande kommune.Vi vil vere føre var, og registrere om det er innbyggjarar i Sande som kan melde seg til teneste om det skulle vere behov.

Oppdatering torsdag 19. mars, kl 14.00:

Framleis ingen påvist smitte i Sande kommune.

Kriseleiinga i Sande har ei sterk oppmoding til deg og dine som er i risikogruppa for å bli smitta av korona-viruset.

Dette gjeld særleg:

Eldre personar

Personar med underliggande kronisk sjukdom som hjerte- og karsjukdom (kardiovaskulær sykdom), diabetes, kronisk lungesjukdom, kreft og høgt blodtrykk (hypertensjon)

Personer som røykjer har muligens også ein høgere risiko for alvorlig forløp av koronavirus-sykdommen

ALLE må ta dette alvorleg og gjere tiltak for sjølv ikkje å bli smitta - eller for at desse gruppene ikkje skal blir smitta.

Sande kommuner rår sterkt til at

personar i risikogruppa bør oppføre seg som om dei er i isolasjon og sørge for å ha minst mogeleg kontakt med andre.

Oppdatering tysdag 17. mars, kl 10.45:

Framleis ingen påvist smitte i Sande.

Helsestasjonen flytta til rådhuset – NAV sine lokale

Frå onsdag 18.mars finn du helsestasjonen i Sande på rådhuset. Det er framleis berre avtalte timar som blir gjennomført. Helsestasjon kan nåast på telefon og sms - 95780720 - vekedagar mellom 09 og 15.

Avlys timen din dersom du ikkje er frisk!

Er du i risikogruppa for korona?

Kommuneoverlege Asta Sileikiene at personar i risikogrupper skal vere særleg forsiktig for å unngå å bli smitta. Følg råda for risikogrupper som blir gitt av Folkehelseinstituttet.

Oppdatering tysdag 17. mars, kl 09.45:

Avgrensing av innreise til Sande kommune

For å avgrense smittespreiing av koronaviruset og bidra til å oppretthalde nødvendig helse- og omsorgstenester, har Sande kommune vedtatt karantene for tilreisande frå delar av landet.

Dette betyr i praksis at:

  • Alle som kjem til Sande kommune etter reise i områda angitt i pkt. 3 får heimekarantene i 14 dagar.
  • Vedtaket gjeld for følgjande område: Fylka Oslo, Viken, Agder, Rogaland, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland.
  • Førar og personell av vare- og passasjertransport er unntatt frå karantenekrava i vedtaket, men nasjonale føringar for karantene og isolasjon ved sjukdom gjeld. Dette gjeld også personell som er nødvendig for å gjennomføre transporten.

    Reisande som ikkje har symptom, kan reise til planlagt opphaldsstad, men bør under reisa så langt det lar seg gjere, halde avstand til andre.

    Reisande med symptom skal gå i isolering med ein gong og kan ikkje bruke offentleg transport.

    Sande kommune - vedtak om lov om vern mot smittsame sjukdomar §4-1 (PDF, 404 kB)

    Det kan gjerast unntak for nøkkelpersonell som har samfunnskritiske oppgåver etter .

    Vedtaket har verknad frå 17. mars , kl 12.00 og inntil nytt vedtak er fatta.


    Oppdatering måndag 16. mars, kl. 16.00

    AMBU er innstilt for ordinær passasjertrafikk frå 16.mars kl 17.00

    I samband med spredning av Covid-19 har kommunedirektøren fatta følgande vedtak:

    Samfunnsbåten AMBU skal innstille ordinær rutetransport med verknad frå måndag 16.03.2020 kl 17:00

    Vedtaket er gjort etter lov om vern mot smittsame sjukdomar §4-1 .

    Karantene eller isolasjon?

    Kriseleiinga presiserer at reglane for karantene og isolasjon må følgjast.

    Ver føre var- vis varsemd!

    Oppdatering måndag 16. mars, kl 13.30:

    Skal du på butikken?

    Butikkane har fått vedtak om smitteverntiltak i medhald av Smittevernlova § 4.1 b og e

    Butikkane skal gjere ei vurdering på kor mange som kan vere inne i lokalet samtidig og ha kontroll på at det heile tida er færre i butikken enn det maksimalt kan vere . Det skal vere minst ein meter mellom kundane.

    Alle kontaktpunkt – dørhandtak, betalingsterminalar ol. skal haldast mest mogeleg reine med hyppig vask

    Kundane må oppmodast via informasjonsplaktar til berre å ta på dei varene dei sjølve skal kjøpe.

    Butikkane gjer elles sine eigne smittevern-vurderingar lokalt i butikklokala og kommunen bed om at alle rettar seg etter dette.


    Legetimebestilling – eller avbestilling?

    Du kan avbestille timar som ikkje hastar -slike timar vil ikkje bli belasta med gebyr. Om du ikkje får avbestilt grunna telefonkø, blir du heller ikkje belasta med gebyr.

    Du skal alltid ha gjort timeavtale før du møter opp. Ein del konsultasjonar kan gjerast over telefon eller video. Dersom du skal møte opp får du beskjed om når og kvar du skal møte.

    Ring

    70026750 for timeavtale i opningstida 8-15

    116 117 for legevakt utanom opningtid

    Du kan også ringe den nasjonale informasjonstelefonen dersom du har spørsmål om korona-viruset: 815 55 015.

    Kommunen vil unngå at det sit fleire personar på venteromet. Møt difor opp presis og forlat lokala så snart som mogeleg etter at du er ferdig hos legen.

    Legane kan få ulike oppgåver i tida framover. Det kan difor vere at du ikkje blir møtt av fastlegen din, men av ein av dei andre legane.

    Testing for korona-virus skal alltid avtalast, og du vil få nærmare beskjed om når og kvar du skal møte, og korleis du skal forhalde deg. Ved Sande legesenter vil testing gå føre seg i bil utanfor legesenteret.

    Kommunen oppmodar om at alle held seg orientert om korleis legesenteret organiserer arbeidet sitt her på denne sida.

    Oppdatering laurdag 14. mars, kl. 12.00:

    Kommuneoverlege Asta Sileikiene opplyser laurdag til Vestlandsnytt at dei siste to prøvesvara frå Sande er klar.

    – Begge er negative. Dermed syner ingen av dei fem prøvene som til no er tekne smitte, seier Silekiene.

    Oppdatering fredag 13. mars, kl. 18.00:

    Kommunedirektør i Sande Trond Arne Aglen stadfestar fredag kveld at dei har fått svar på den tredje av fem prøver i Sande. Dette skal vere ein person i helsevesenet. Vedkomande har testa negativt for smitte av det nye koronaviruset. Det vil seie at der framleis ikkje er påvist smitte i Sande.

    Oppdatering fredag 13. mars, kl. 15.00:

    I den siste oppdateringa frå Sande går det fram at kommunen gjerne vil ha kontakt med alle som potensielt kan vere ein ressurs framover. Dei opplyser også nærare korleis personell i samfunnskritiske funksjonar skal ta omsyn til barnehage og skulefritidstilbod.

    Barnehage- og skulefritidstilbod for barn av tilsette med samfunnskritiske funksjonar blir frå måndag 16. mars gitt på Larsnes skule og på Hauemarkja barnehage. Dette gjeld for tilsette både i offentleg og privat sektor med kritiske samfunnsfunksjonar.

    Kritiske samfunnsfunksjonar er, ifølge Beredskapsutvalget:

    Styring og kriseleiing, Forsvar, Lov og orden, Helse og omsorg, Redningsteneste, IKT-sikkerheit i sivil sektor, Natur og miljø, Forsyningssikkerhet, Vann og avløp, Finansielle tenester, Kraftforsyning, Elektroniske kommunikasjonstenester, Transport, Satellittbaserte tenester

    Dei som har slikt behov, må melde dette til Øystein Johansen, oppvekst- og kultursjef tlf. 99291522

    Streng regel for helsepersonell

    Helsepersonell som jobbar med pasientbehandling får ikkje reise utanlands. Dette gjeld både tenestereiser og private reiser. Dei vil få kostnadene kompensert. Gjeld førebels ut april. Tilsette må på førehand ta kontakt med leiar.

    Vil du hjelpe?

    Sande kommune vil gjerne ha kontakt med alle som kan tenke seg å vere ein ressurs i forhold til behov som kan dukke opp framover i tid i denne situasjonen. Dette gjeld både frivillig dugnadsarbeid og lønna arbeid. Vi bed difor om at desse tek kontakt for registrering på 70026700

    • ledig helsepersonell
    • frivillige lag og organisasjonar som kan utføre ulike tenester
    • frivillige enkeltpersonar som vil vere med på samfunnsdugnad.

    Samferdsel

    Skuleskyss er innstilt, du må sjekke med Fram www.frammr.no om bussen går den ruta du hadde tenkt å bruke.

    Oppdatering fredag 13. mars, kl. 10.00:

    Frå i dag er rådhuset stengt for publikum. Du kan ta kontakt på telefon 70026700 om du vil snakke med oss.

    Helsestasjon: Vekedagar kl. 09–15 er vi tilgjengeleg på telefon og mail. Vi er også fysisk til stades nokon dagar, men vil at alle avtaler skal vere avtalt og ikkje drop in. Dersom du har ein avtale med oss og ikkje har høyrt noko, går den som planlagt.

    Nattlegevakt i Myrvåg

    Legen ved felles nattlegevakt i Volda, vil frå og med 12. mars d.å. vere stasjonert ved Myrvåg legevakt i tidsrommet 22–08.

    "Dette vert gjort med bakgrunn i den pågåande pandemi-situasjon og et ønske om å minske smittepresset mot sjukehuset i Volda. Ordninga gjeld inntil vidare.

    Legevaktsentralen vil framleis bli betjent av sjukepleiarane ved akuttmottaket i Volda. Det vert jobba med å knytte anna hjelpepersonell til nattlegevaktlegen."

    Meldinga kjem frå Jørn Kippersund -Nattlegevaktlege

    Klar melding frå Sande legekontor om korleis du skal ta kontakt

    • Gå ikkje inn i legekontoret dersom du har plager med forkjøling eller andre symptom frå luftvegane. Då må du ta kontakt med legekontoret på telefon 70026750

    • Når du kjem inn skal du halde avstand til andre pasientar.

    • Det er viktig med god handhygiene.

    • Det er lagt ut sprit som du kan bruke for å desinfisere deg. Ver venleg å vaske hendene nøye med såpe og vatn i 20 sekund etter alle dobesøk. Bruk papir rundt handtaket når du opnar toalettdøra på veg ut og kast det i søppeldunken.

    • Ver nøye med hygiene om du nys eller hostar. Du skal helst hoste i et papir som du kastar i søppelet etterpå.

    • Dersom du har høve til å få hjelp over e-konsultasjon eller video er dette å føretrekke framfor å møte opp fysisk. Dette kan du avtale med legen din. Er du usikker på kva du skal velje, kan du ringe oss.

    • Skal du bestille ny resept, kan du sende oss ei melding på www.helserespons.no og søke opp Sande legesenter – Her finn du eit val om resept, legetemaet eller annan førespurnad.

    Takk for at du tek omsyn og hjelper oss med å halde legekontoret trygt for alle pasientar som treng oss, skriv Sande kommune.

    Kommuneoverlege Asta Sileikiene

    Oppdatering torsdag 12. mars

    Kommunedirektør Trond Arne Aglen kjem med litt godt nytt.

    – Vi har fått prøvesvara når det gjeld to av dei fem som vart pålagde karantene. Desse to er ikkje smitta av korona, seier Aglen.

    Sande kommune ventar på svaret frå dei tre andre prøvene.