Utsett HerøyLAN på ubestemt tid:

- Forstår at dette er drit for mange

Det er med tungt hjarte at styret i HerøyLAN har valt å utsette årets LAN-arrangement på ubestemt tid. Men, «her må vi vere solidariske», konkluderer dei.

Styret i HerøyLAN: Styret i HerøyLAN synest det er veldig kjipt å måtte avlyse, men dei er alle sikre på at dette er rette avgjersla. F.v: Mats Ingebrigtsen, Carl-Henrik Myrseth Moltumyr, Hallvard Sundnes, Kristoffer Moldskred, Finn Ove Moltumyr, Thomas Fugledal Tarberg og Mathias Dybvik.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Vi forstår sjølvsagt at ungdomens synst dette er noko drit, det synest naturlegvis vi også. Dette hadde vi gleda oss til, men no har vi ei stor utfordring med koronaviruset og her må vi vere solidariske.

Det slår arrangementsleiar Carl-Henrik Myrseth Moltumyr fast etter ei samråding med resten av gjengen bak HerøyLAN. Etter å ha rådført seg med både helsemyndigheiter og kommuneoverlegen i Herøy har dei nemleg bestemt seg for å avlyse påskas LAN-arrangement på Herøy kulturhus. Ikkje overraskande er det smittefaren av det nye koronaviruset, Covid-19, som er grunnen.

– I dette tilfelle ser vi at vårt arrangement er av ein slik karakter at det vil vere uforsvarleg å arrangere det. Vi vil ikkje ha det på vår samvit om HerøyLAN skulle verte ein arena der viruset fekk spreie seg, held Myrseth Moltumyr fram.

Han får full støtte frå resten av gjengen bak arrangementet.

Får tilbake pengane

Mange har allereie sikra seg billettar til det store arrangementet, og dei skal sjølvsagt få tilbake pengane sine, understrekar styret. Dei er no i gang med å få oversikt over kven som skal få betalt tilbake billettsummen, men dei ber også folk om å ta kontakt om det skulle vere nokon spørsmål knytt til avlysinga.

– Ressursane er her framleis

Som eit lite lyspunkt påpeiker LAN-gjengen at ressursane og planane for arrangementet framleis er på plass. Såleis ser dei det som sjølvsagt at eit LAN-arrangementet skal arrangerast på eit eller anna tidspunkt.

– Vi vil arrangere HerøyLAN ved fyrste og beste høve, så lenge vi ser det forsvarleg. Ressursane vi skulle bruke på å lage eit heidundrande arrangement for ungdom no i påska er her framleis. Dei skal vi framleis bruke for å lage eit bra og variert opplegg, slår leiaren fast.

– Men no må vi fyrst og fremst vere solidariske og tenke på dei som faktisk er utsette i høve det nye koronaviruset. Det blir fort nok HerøyLAN igjen, avsluttar han.